Lokal | 22. des. 2015

Vil utgreia dagalternativ i Øyane

Ferjefri E39: Kommunal- og moderniseringsdepartementet forkastar Bjørnatrynet.

Vil utgreia dagalternativ i Øyane
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har forkasta Bjørnatrynet som landingspunkt på Os (ill: Statens Vegvesen)
Andris Hamretirsdag 22. des. 2015 13:08

Torsdag 17. desember sendte statsråd Jan Tore Sanner (H) eit brev til Statens vegvesen, med kopi til mellom anna Os kommune der han fortel at han no har fastsett planprogrammet den statlege kommunedelplanen for E39 Stord-Os.

Statsråden konkluderer i brevet med at vegvesenet skal utgreia vidare hovudalternativa B (midtre kryssing Langenuen, bru over Bjørnafjorden og tunnell under Søre Øyane) og hovudalternativ D (kryssing av Langenuen i sør, bru over Bjørnafjorden og dagløysing over Øyane).

I tillegg skal vegvesenet utgreia dei to kombinasjonsalternativa E (kombinasjon B+D) og F (D+B).

– Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vurdert framlegget frå Statens vegvesen i høve til innkomne merknader. Departementet sluttar seg til vegvesenet sine anbefalingar om alternativ for vidare utgreiing, det vil seie hovudalternativ B og D og kombinasjonsalternativ E og F. Dette inneber at også alternativet med dagløysing over Søre Øyane i Os kommune vil bli utgreidd vidare.

– Departementet meiner framleis at dette alternativet framstår som lite realistisk. Dette synet er og bekrefta i høyringa. Departementet legg likevel vekt på behovet for eit best mogleg fagleg grunnlag i saka. Dette inneber blant anna at det bør utgreiast meir enn eitt alternativ for kryssing av Bjørnafjorden og ilandføring i Os.

– Ei ilandføring på Bjørnatrynet vurderast ikkje som aktuelt, då ei slik løysing vil vere i konflikt med Forsvaret sitt øvingsområde. Departementet legg til grunn at utgreiing av ei dagløysing over Søre Øyane ikkje vil vere til hinder for planlagt framdrift i planarbeidet, skriv Sanner i brevet.

Fleire brukonsept

I dei fire alternativa kjem det fram at ein framleis ikkje har bestemt seg for kva type bru ein skal velja over Bjørnafjorden. Departementet ber vegvesenet utgreia både flytebru, TLP med hengebru og røyrbru.

Det er ikkje berre brukonsepta som no skal utgreiast i planarbeidet også desse områda skal utgreiiast:

  • Prissette konsekvensar (konsekvensar som kan kvantifiserast og verdsetjast i kroner). I tillegg til byggekostnader inngår mellom anna kostnader knytt til drift, vedlikehald, støy og luftforureining. Kostnadene blir vurdert opp mot nytten av tiltaket.
  • Ikkje-prissette konsekvensar (konsekvensar som verken kan eller bør verdsetjast i kroner)
    – Landskapsbilete
    – Nærmiljø og friluftsliv (irekna m.a. barn og unges interesser og folkehelse)
    – Naturmangfald
    – Kulturmiljø
    –Naturressursar
  • Andre samfunnsmessige verknader
  • Risiko- og sårbarheit

I planprogrammet legg ein opp til medverknad for berørte partar med kontordag for administrasjonane i dei fire kommunane i januar 2016, ungdommens fylkesting i hordaland i februar/mars 2016, planforum i Hordaland fylkeskommune i februar 2016 og folkemøte i dei fire kommunane i august 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.