Kultur | 11. feb. 2016

Vil vera ein triveleg type

Alexander Skorpen (27) frå Os er ein av deltakarane i årets Robinsonekspedisjonen på TV2.

Vil vera ein triveleg type
Alexander Skorpen (innfelt) er ein av dei 16 deltakarane i årets Robinsonekspedisjon (foto: Anton Soggiu/TV2)
Andris Hamretorsdag 11. feb. 2016 09:45

Torsdag presenterte TV2 deltakarane i årets Robinsonekspedisjonen. Ein ekspedisjon som ifølgje programleiar Christer Falck blir tøffare enn nokonsinne.

– I år har vi fokusert meir på det som er sjølve kjerna i Robinsonekspedisjonen, nemleg at deltakarane må klara seg heilt på eigahand, som ein ekte Robinson Crusoe, seier Falck til TV2.

Robinson-Alexander

16 deltakarar skal bu og overleva i ukjende og farlege omgjevnader på ei øde øy på Filippinene.

Ein av dei 16 er 27 år gamle Alexander Skorpen frå Os. Alexander studerer petroliumsteknologi i Stavanger.

Til TV2 seier han dette om taktikken før årets sesong:

– Eg trur det er viktig å vera ein triveleg type som bidreg til fellesskapet, og som ikkje tek for mykje plass. Skal ein vera ein leiar må ein delegere ansvar. Samstundes er det viktig å gjera det bra i konkurransane.

Deltakarane

Dei andre deltakarane i årets sesong er:

Alex, 34 år, Fengselsbetjent fra Fredrikstad.
Anya, 25 år, Svømmeinstruktør fra Horten.
Caroline H, 24 år, Student entreprenørskap fra Oslo
Caroline K, 20 år, Pleiemedarbeider og reindriftssame, Kautokeino.
Erik, 24 år, Lærerstudent fra Stange.
Espen 33 år, Food & Beverage Manager fra Måløy.
Flemming, 38 år, Tidligere yrkesmilitær fra Levanger.
Habibi, 30 år, Onshore-arbeider fra Stavanger.
Marianne, 32 år, Kommunikasjonsrådgiver fra Drammen.
Marte, 21 år, Student pedagogikk fra Skien.
Melissa, 26 år, Student marinbiologi fra Vennesla.
Pål, 50 år, Markedssjef fra Sandefjord.
Thomas, 24 år, Coaching student fra Stavanger.
Tone, 56 år, Yogalærer fra Son.
Vibeke, 44 år, Butikksjef fra Svanvik.

Robinsonekspedisjonen har premiere på TV2 6. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.