Lokal | 17. apr. 2017

Vinnaren er kåra

Påskenøttene • 170 ulike personar svarte på ei eller fleire oppgåver. Sjå kven som blei vinnaren av to billetter til Elvis Show.

Vinnaren er kåra
Vi avslutter påskenøttene med eit bilete frå Møsnuken og gratulerer Jorunn Aase Hagen med to billetter til Elvis Show på Er-An Veikro 6. mai (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 17. apr. 2017 09:50

Gjennom påska har vi vist lesarane eit bilete frå eit turområde i Os. Påskenøttene har engasjert, nokre var nok vanskelegare enn andre, men kvar dag har vi fått frå 25 til vel 100 svar på oppgåvene.

Den siste oppgåva var bilete av ein rastebenk nyleg satt opp av Os Turlag si trivselsgruppe i Stemmedalen/Tøsdalsskaret ved kulpen.

41 hadde minst tre rett

Etter å ha gått gjennom alle svara, med bidrag frå 170 forskjellige personar har hele 41 personar minst tre rette svar.

Og vinnaren av to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner) er Jorunn Aase Hagen.

På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging og avduking av ein stor Elvis-figur med ei litt spesiell historie bak seg.

Kvelden blir feira i telt bak restauranten, der det er konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).

Rett svar på påskenøttene var:

Påskenøtt 1: Knutabruo
Påskenøtt 2: Rindafjellet
Påskenøtt 3: Hellerisningene i Vargavågen
Påskenøtt 4: Den gamle postveg på Søfteland
Påskenøtt 5: Lyngheim
Påskenøtt 6: Ja-benken i Kobbavågen
Påskenøtt 7: Linken/Tøsdalsfjellet
Påskenøtt 8: Liafjellet
Påskenøtt 9: Stemmedalen/Tøsdalsskaret ved kulpen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.