Lokal | 03. aug. 2017

Vurderer å gå til politiet

Ordførar Marie Bruarøy vurderer å politianmelda trugslar ho har motteke etter at Hamnesjefen blei avliva.

Vurderer å gå til politiet
Ordførar Marie Bruarøy vurderer å gå til politiet med dei alvorlege trugslane ho har motteke etter at fellingsløyvet på Hamnesjefen blei gitt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 03. aug. 2017 09:44

Reaksjonane har ikkje latt venta på seg etter at Os kommune natt til torsdag iverksatte skadefellingsløyvet på Hamnesjefen.

Ei av dei som har fått flest reaksjoner, både då vedtaket blei kjend i juni, og etter at det i natt blei effektuert er ferierande ordførar Marie Bruarøy (H).

– Eg har fått mange meldingar og mange som støttar kommunen i vedtaket og no fellinga, men eg har også fått ein del meldingar som ikkje er greie.

– I dag tidleg kom det ei melding får ei dame frå ein heilt anna plass i landet enn Os kor både ordet drap og min mann er nemnd i same setning.

– Det er ikkje greitt og eg vurderar no å anmelda det til politiet, fortel Bruarøy til Midtsiden.

Bør få ein telefon

Bruarøy understrekar at dei ufine meldingane ikkje kjem frå osingar, men frå folk andre stader i landet.

Eg har ikkje tatt stilling til om eg skal anmelda det enno. Eg ønskjer ikkje å gjera livet vanskeleg for nokon, men eg ønskar at dei får ein telefon frå politiet med beskjed om at det ikkje er greitt og at dei har tråkka over streken, seier Bruarøy, som ikkje ønskjer å gjengi den konkrete meldinga.

– Det er såpass at eg reagerer på innholdet, både på denne og på nokre av dei eg har fått tidlegare, avsluttar Marie Bruarøy.

Også fleire i den politiske leiinga og administrasjonen har motteke trugslar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.