Sport | 18. sep. 2016

0,5 sekund frå 45.000 kroner

Jonn Borgen og «Kuven Storm» sette ny personleg rekord og var svært nær dei store pengepremiane i kriteriefinalen.

0,5 sekund frå 45.000 kroner
Jonn Borgen og Kuven Storm med ny bestenotering og god plassering i kriteriefinalen. (Foto: Eirik Stenhaug, rikstoto.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. sep. 2016 19:15

I helga har ein god delegasjon frå Os stilt sterkt i sesongens store finalehelg på Bjerkebanen.

Borgen-hesten «Kuven Storm» med finalens eldste kusk, Jonn Borgen (71) var i kriteriefinalen, Martin Lyssand sin hest «M.L.'s Superstar» med kusk Pål Buer var i hoppederby.

«Kuven Storm» kom på 7. plass, «M.L.'s Superstar» kom på 10. plass, begge utanfor premierekka, men med 5000 kroner kvar for å kvalifisera seg til finale.

– Vi fekk ein dårleg start og heldt på å gå utanfor linja, så eg måtte ta han inn igjen. Dermed hamna vi bakerst og måtte byrja å plukka. Hesten blei trøtt etterkvart, og det hadde han lov til, seier Jonn, som køyrde seg opp frå 12. til 7. plass.

Premien for 6. plass var 45.000, så gjekk det oppover til 65.000, 100.000 og opptil 500.000 i førstepremie.

– Nøgd med opplevinga og med hesten

Hesten Tand Kraft med kusk Jan Olof Persson stakk av med 1. plassen og 500.000 kroner med tida 2.59,8. Kuven Storm kom i mål på 3.02,5, eit halv sekund frå 6. plass.

– Det er klart det er litt irriterande å vera så nær dei store premiane, med en vanleg start ville vi nok tatt oss til 3. eller 4. plass.

Sjå komplette resultatlister frå helga på travsport.no.

– Men vi gler oss stort over ny bestetid og ei fantastisk helg på Bjerkebanen.

Det var ti i reisefølgjet frå Kuven, blant anna storebrørne Henrik og Hans Kristian, og god stemning på tribunen.

– Vi har fått oss ein kjempehest! No skal han få kvila litt og så skal vi ha årets siste løp på heimebane 8. oktober. Der er det 100.000 i førstepremie, fortel Jonn på veg heim til Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.