Kultur | 05. nov. 2012

100 born hyllar Egner

VIDEO: Laurdag hyllar nær 100 born frå Søre Neset og Kuventræ skular Thorbjørn Egner med konsert i Oseana.

Andris Hamremandag 05. nov. 2012 08:49

Stine Kobbeltvedt og Annveig Myklebust Fjellstad driv saman eit prosjekt dei kallar MusikkGlede kor 1. - 4. klasse ved Søre Neset Skule og Kuventræ Skule ein gong i veka får tilbod om musikkundervisning i SFO-tida.

- Vi opplevde at det var rom for meir musikkundervising i skulen og gav skulane eit tilbod om dette.

- Tilbodet er eit ekstratilbod i SFO-tida og er foreldrebetalt, forklarar Annveig Myklebust Fjellstad.

Prosjektet starta først på Søre Neset skule i februar og blei utvida med Kuventræ ved skulestart i haust. Tilsaman har dei to musikarane nær 100 ungar med på tilbudet.

Hyllar Egner

Laurdag førstkommande inviterar dei nær hundre ungane til Thorbjørn Egner-konsert i samband med at det er 100 år sidan han blei fødd. Konserten er ein del av WT Litteraturfestival, som går av stabelen i Oseana denne helga.

- Dette er første gongen vi har samla alle ungane frå båe skulene til ei felles øving. Er dei ikkje flinke, strålar Stine Kobbeltvedt etter at Midtsiden har fått ein smakebit på både bursdagssong og Lofottorsk.

Sjå video i botn av artikkelen.

Ei reise i Egners verd

Framsyninga blir omlag 45 minutt med kjente og kjære viser frå Thorbjørn Egner sin mangfaldige produksjon.

- Det blir ei reise gjennom ein liten del av Egner si verd.

- Då vi byrja å jobbe med dette i september slo det oss raskt kor godt ungane kjende Egner sine tekster og songar, fortel dei to instruktørane.

Ungane har vore med på heile prosessen frå å lage kullissar, kostymer og ikkje minst i å øva inn songane.

- Men også foreldra må få skryt. Dei har vore fantastiske til å stille opp for å hjelpe til, avsluttar Annveig Myklebust Fjellstad med eit smil.

Video, 2:15: Sjå og høyr smakebitar frå framsyninga (foto: Andris Hamre, Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.