Personvernerklæring

Som mange andre nettsider samlar Midtsiden inn anonyme opplysingar om besøkande. Dette blir gjort automatisk, blant anna for å laga statistikk.

Dine data blir registrert anonymt, og vi kjem ikkje til å dela ut eller selja informasjonen om lesarane våre til ein tredjepart, med mindre vi blir pålagt dette av politimyndigheter, med gyldig heimel i norsk lov.

Midtsiden forvaltar dine data på ein trygg, brukarvenleg og forsvarleg måte - i samsvar med personopplysningsloven. I samband med oppdateringa av personvernlovggjevnaden i EU er desse gjort enklare for deg å få oversikt over.

Statistikk

Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics. Vi kan sjå kor mange som les dei ulike sakene våre, og kor stor trafikken samla sett er på Midtsiden.no. Det gir oss nyttig informasjon, både i redaksjonen og i dialog med annonsekundar. Vi kan òg identifisera nettlesaren din (for eksempel Explorer, Safari, Chrome og Firefox) og kva type plattform du les frå (pc, mac, nettbrett eller mobil).

Les meir om korleis Google Analytics behandlar informasjon her: https://support.google.com/analytics/answer/6004245

Ønskjer du å reservera deg mot Google Analytics, kan du sjå her: https://tools.google.com/dlpage/gaoptout

Annonsar

Annonsane på Midtsiden er selt og utforma lokalt, for bedrifter i Os og nabokommunane.

Vi har frå januar 2020 ikkje lenger sett av plassar for vising av Google Ads. Dermed samlar vi heller ikkje lenger inn data som denne aktøren brukte til å visa deg tilpassa, relevante annonsar frå eksterne aktørar.