Næringsliv | 23. nov. 2013

2013-gasellene i Os

Dagens Næringsliv har kåra fem gasellebedrifter i Os i år, mot fire i fjor.

2013-gasellene i Os
<span style="line-height: 1.538em;">Dagleg leiar Gudmund Fløysand i&nbsp;</span>Fløysand Tak AS, som er gasellebedrift for andre år på rad. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. nov. 2013 08:36

"Gaselle" er eit namn Dagens Næringsliv har innført for norske bedrifter med ryddig økonomi og jamn vekst over fleire år. Av alle aktive bedrifter med omsetnad over 1 million kroner er det kvart år berre cirka 5 prosent som kan kalla seg gasellebedrift.

Gasellebedrifter må ha:
• Levert godkjente rekneskap
• Minst dobla omsetnad over fire år
• Omsetnad på over éin million kroner første år
• Positivt samla driftsresultat
• Unngått negativ vekst
• Vore organisert som aksjeselskap

Torsdag blei lista over gasellebedriftene i Hordaland publisert.

På topp 5 i fylket ligg:
1. Aker DOF Deepwater AS
2. Straume Entreprenør AS
3. Bergen Personal AS
4. Vestland Management AS
5. Apply LQ Partner AS

Gasellene i Os i 2013

(med plassering på lista for Hordaland)

52. Andersland Transport AS
Omsetnad i 2012: 5,7 millionar kroner
Driftsresultat: 1,4 millionar kroner

117. Fusa Apotek AS
Omsetnad i 2012: 11,8 millionar kroner
Driftsresultat: 0,8 millionar kroner

157. Grunn & Betong AS
Omsetnad i 2012: 7,3 millionar kroner
Driftsresulat: 0,5 millionar kroner

169. Bergen og Omegn Eiendomsmegling AS
Omsetnad i 2012: 4 millionar kroner
Driftsresultat: 0,2 millionar kroner

173. Fløysand Tak AS
Omsetnad i 2012: 61,9 millionar kroner
Driftsresultat: 1,5 millionar kroner

På DN.no kan du sjå heile 2013-lista for Hordaland.

Fleire enn i fjor

I år viser DN ei liste over 5 gasellebedrifter frå Os.

Til samanlikning hadde Os 4 gasellebedrifter på lista som blei lagt ut i 2012.

• 3 gaseller i 2011
• 10 gaseller i 2010
• 12 gaseller i 2009
• 14 gaseller i 2008

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.