Lokal | 09. okt. 2014

66 millionar til Lepsøyvegen

Fylkesrådmannen vil løyva 66 millionar dei to neste åra for utbetring av Lepsøyvegen.

66 millionar til Lepsøyvegen
Frå grunnundersøkingane langs Lepsøyvegen (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 09. okt. 2014 12:19

I fylkesrådmann Rune Haugsdal sitt framlegg for budsjett og økonomiplan for Hordaland er FV158 Grindavoll - Lepsøy ei av dei prioriterte vegstrekningane dei kommande åra.

«Tiltaket omfattar utbetring av eksisterande veg og bygging av gang- og sykkelveg. Strekninga frå Grindavoll til Lepsøy bru er om lag 3,5 km lang og kan byggjast ut stegvis. Det er naturleg å dele strekninga inn i tre delar:

  • Delstrekning 1: Grindavollen – Falkavegen (1,15 km)
  • Delstrekning 2: frå Falkavegen – Blindasundet (1,2 km)
  • Delstrekning 3: Blindasundet – Lepsøy bru (1 km).

Reguleringsplanen for strekninga Grindavollen – Blindasundet vart godkjent i 2013. På Lepsøy er det ein gamal reguleringsplan. Prosjektering og kostnadsoverslag for delstrekning 1 og 2 vert ferdig hausten 2014. Det vil medføre store inngrep og kostnader på delstrekning 3 dersom det skal prosjekterast etter gammal reguleringsplan. Fylkesrådmannen foreslår difor i staden å prosjektere utbetringspunkt for delstrekning 3.

Utbygging av heile strekninga på vel 3,5 km vil koste meir enn vedteken ramme på 71 mill. kr. Det må takast stilling til kva som skal byggast på dei tre delstrekningane før utlysning. I 2014 ser det ut til å verta brukt 5,4 mill. kr på prosjektet. Fylkesrådmannen set av 30 mill. kr i 2015 og dei resterande 36 mill. kr i 2016.», heiter det i fylkesrådmannen si omtale av strekka.

Totalt foresleg fylkerådmannen å nytta henhaldsvis 1,68 milliarder på fylkesvegar i 2015 og 1,58 milliardar i 2016.

Les òg: Får fleire millionar til fylkesvegar og – Det finst pengar

Får att penger i 2017

I økonomiplanen legg fylkesrådmannen også opp til ei tilbakebetaling av dei forskutteringane kommunane har gjort for å få gjennomført utbetringar på fylkesvegane tidligere.

For Os kommune sin del gjeld dette tre vegstrekningar, FV 158 Thuen, Fv 161 Kalvatræ og FV 160 Ulven leir - Hjorthaug - opprusting gang/sykkelveg.

Dei to første prosjekta foreslår fylkesrådmannen at skal tilbakebetalast i 2017 med totalt 7 millionar kroner (6,5 for FV 158 og 500 000 for FV 161). Når det gjeld dei 10 millionane kommunen har forskuttert for FV160 foreslår han at desse skal refunderast etter 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.