Lokal | 05. sep. 2014

– Det finst pengar

Plan- og bygningsutvalet fornya reguleringsplanen for Blindasundet - Kongshaug. – Denne er viktig å få gjennom slik at vi kan kjempa på fylket, hevda Gustav Bahus.

– Det finst pengar
Reguleringsplanen for parsellen frå Bindasundet til Kongshaug blei vedteken i Plan- og bygningsutvalet torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 05. sep. 2014 06:48

Fylkesveg 158 mellom Grindevoll og Lepsøy fekk i samferdselsutvalet i fylket i fjor løyvd midler til å bli utbetra i tråd med dei reguleringsplanene som tidlegaere på året blei vedtekten. Problemet var berre det at planen ikkje strakk seg lengre enn til Blindasundet.

Torsdag handsaman, og godkjente, Plan- og bygningsutvalet den neste reguleringsplanen frå Blindasundet til Kongshaug. Den eksisterande planen var frå 1998 og trengde ei oppdatering før Statens Vegvesen kunne byrja å jobbe med den. Dei ønskjer nemleg å sjå den parsellen i samanheng med det arbeidet som skal gjerast frå Grindavoll til Blindasundet.

– Det er viktig å få den oppdatert, slik at vi på fylket kan kjempa om pengar til den. Budsjetthandsaminga startar i disse dagar og då treng vi ein oppdatert plan, innleia Gustav Bahus (Frp), som òg sit som leiar i samferdselsutvalet i fylket.

– Men korleis tenkjer ein om andre fylkesvegar i kommunen. Ta tildømes Hegglandsdalsvegen frå Haugekrysset til Vallebrua, eller Ulvenvegen frå Irgenskrysset til Vaksinen. Der er det òg godkjente reguleringsplanar og ei mykje større trafikkbelastning enn på Lepsøyvegen, kommenterte Terje Sperrevik (TvS).

– Litt av tanken er at no er det allereie midlar på gang på delar av Lepsøyvegen, så då må vi vera om oss og sjå om vi kan få litt meir slik at vi får tatt heile stykket, svara Ståle Skaathun (H).

Det finst pengar

Bahus var ikkje usamd i at noko burde gjerast også på Hegglandsdalsvegen.

– I løpet av ei veke eller to vil dei verste delane av Hegglandsdalsvegen få ny asfalt, så det kjem seg der òg, sjølv om vi ikkje får tatt den biten Sperrevik spør om.

– Det som gjer at denne strekninga no er så viktig er at planen var utdatert. Difor er det flott at vi får den opp no.

– Det finst pengar i fylket, men vi kan ikkje leita etter dei før vi har en godkjent reguleringsplan.

Plansjef Aina Tjosås følte det naudsynt å koma med ei lita saksopplysning.

– Vi er veldig klar på at vi må få desse vegstrekka regulert. Av og til så kjem fylket med pengar, då må vi berre hiva oss på, men då må vi ha oppdaterte planar. Så må vi og de jobba på for å få midlar til dei andre strekka òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.