Lokal | 24. juni 2014

7 av 9 syndarar kjørte lastebil

UP hadde kontroll fleire plassar i Os i dag.

7 av 9 syndarar kjørte lastebil
Her blei ein av lastebilsjåførane vinka inn av UP. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. juni 2014 19:54

Utrykningspolitiet hadde trafikkontroll i Os sentrum og på Røykenes tysdag.

Etterpå blei det ein kort kontroll på Kalandseid.

– Til saman blei det stoppa 9 førarar utan bilbelte, 7 av desse kjørte lastebil, fortel politibetjent Nils Tore Erikstad.

5 av dei blei tatt i Os sentrum retning sør, 2 på Røykenes retning nord.

I tillegg blei det tatt 2 i Os og 2 på Røykenes for ulovleg bruk av mobiltelefon.

Sjåførlærar kritisk til parkering

– Det er fint at dei sjekkar trafikken, men sjå korleis dei parkerer, kommenterte sjåførlærar Rune Borgen.

Han var tilfeldigvis innom Statoil medan UP sto med kikkerten, og likte ikkje måten patruljebilen sto parkert på.

– Det er dårleg nok sikt når du skal ut frå Statoil retning rundkjøringa, om ikkje bilen skal stå sånn og sperra. Her bør politiet gå framfor som eit godt eksempel.

Erikstad tok ikkje kritikken så tungt.

– Det var meininga å stå nærmare den gamle brannstasjonen, men der var det fullt. Det er lov å stå der bilen står, og det står fleire andre bilar der.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.