Lokal | 11. nov. 2016

Alle bru-analysane er lagt ut

E39 Stord - Os: Seks variantar av tre ulike brutypar er vurdert. No er alle analysane offentleggjorte.

Alle bru-analysane er lagt ut
Tre ulike brutypar, kvar i to ulike variantar, er analysert. Her er flytebru med sideforankring til botn. (Illustrasjon: Plan arkitekter/Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. nov. 2016 14:57

I samband med prosjektet E39 Stord-Os er det utført eit omfattande brukonseptstudie.

Statens vegvesen har utført studiet saman med sju eksterne aktørar, alle med høg kompetanse innan offshoreinstallasjonar og/eller brubygging.

– Interessa for analysane har vore stor, og vi har derfor publisert alle analysane, seier prosjektleiar Mathias Eidem frå Statens vegvesen til Midtsiden.

Seks variantar - som alle eignar seg

Det er analysert tre brutypar, alle i to variantar:

1. Flytande hengebru i stål og flytande hengebru i betong.
2. Flytebru med og utan sideforankring.
3. Rørbru med pontong, utan forankring, og rørbru utan pontong, men med forankring.

– Det som er gledeleg er at alle brukonsepta teknisk sett er gjennomførbare, seier Eidem.

• Analysane kan du lasta ned og lesa på vegvesen.no

– Innhaldet er veldig teknisk, og har dessverre ikkje form som er justert for å gjera det lettare å lesa for mannen i gata.

Held anbefaling hemmeleg

Analysane er laga for neste steg i arbeidet, kommuneplanen.

– Har Statens vegvesen målt analysane mot kvarandre, at det ligg ei samanlikning av konsepta klar?

– Vi har laga vår anbefaling, men står ikkje eg fritt til å dela akkurat no.

Nesten halv pris

– Er det stor forskjell i pris på brukonsepta?

– Det dyraste alternativet blei jo omtalt i sommar. Sjølve fjordkryssinga varierer der det dyraste har 80 prosent høgare pris enn det rimelegaste alternativet.

• Les òg: Derfor har prisen på E39 Stord-Os auka

– Hugs at det ikkje er tekniske årsaker til prisauka som blei omtalt tidlegare. Auka frå to til fire felt, auka til 110 km/t fartsgrense og auka meirverdiavgift frå 5-6 % til 25 % på bruer, er hovudårsakene.

Ilandføring i neste fase

Noko som kunne tatt prisen litt ned er seglingsled i nord, ved Øyane, i staden for i sør, ved Reksteren.

• Les òg: – Legg til grunn at Kobbavågen blir skjerma

– Seglingsled i nord er ikkje praktisk om vi skal få ein overgang med seinketunell før tunell i fjell under Øyane.

– Kva seier analysane om ilandføring?

– Analysane handlar om brukonsepta, ilandføring er tema vi skal sjå på i komande fase, seier Mathias Eidem.

• Les fleire saker på Midtsiden si samleside: E39 Stord - Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.