Sport | 09. okt. 2015

Allianselag på veg til Hamar

Eit allianselag av 13-åringar frå Os skal i helga delta i HamKam Talentcup.

Allianselag på veg til Hamar
Denne gjengen trente med Os Allianse onsdag, fleire av dei er denne helga i Hamar på talentcup. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. okt. 2015 13:55

I midten av september tok Os G15 bronse i HamKam Talentcup.

Denne helga er det G13-talenta sin tur.

– Vi reiser bortover med 17 flinke spelarar, seier Ørjan Myrlid.

Han trener laget saman med Tim Henrik Sperrevik og Chris Drange.

Innleiande rundar laurdag

Os Allianse består av éin spelar frå Nore Neset, éin frå Bjarg, to frå Lysekloster og 13 frå Os Fotball.

Alle dei innleiande kampane går laurdag og Os Allianse møter Sørumsand, Jardar og KFUM i puljespelet.

– Dei kom heilt til kvartfinalen i Adidas Cup tidlegare i år, no blir det spennande å sjå dei i ny, tøff turnering.

Turneringa består av 16 puljer, kvar med fire lag, alle med gutar fødd i 2002. Sluttspelet er delt i både A, B, C og D-sluttspel.

Desse gutane speler på Os Allianse i helga: Elias Myrlid, Henrik Sperrevik, Scott Drange, Ismal Munoz Urena, Oscar Fimreite, Vegard Heggland, Stein-Inge Andersland, Ole Risøen, Leonard Pfeffer, Kerem Duvarci, Pål Rye Asheim, Mats Smith, Mats Torp Nielsen, Sivert Andersland, Julian Sælen, Thomas Færøvik og Henrik Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.