Dei tidlegare Os-spelarane Emilie Christensen og Anna Bjørke Kallestad er teke ut på rekruttlandslaget si samling i Sandefjord (privat foto/Sola HK)

Anna og Emilie på «Norge 2»

Osingane Anna Bjørke Kallestad og Emilie Christensen er teke ut til samling med rekruttlandslaget. Mia Torp Nielsen tok bronse i NM for regionslag.

Av: Andris Hamre

Handballspelarar frå Os markerer seg nasjonalt. No skal to av dei få vist seg fram for landslagstrenar Thorir Hergeirsson.

Dei to tidlegare Os-spelarane Anna Bjørke Kallestad, som nyleg signerte ny kontrakt med Sola i toppserien og Emilie Christensen, som går frå Glassverket til Larvik før neste sesong, er begge teke ut i troppen Hergeirsson samlar i Sandefjord om ei veke.

Dei to er teke ut på rekuttlandslaget for kvinner (LKR). LKR er steget før A-landslaget og eit viktig utstillingsvindauge for spelarar som kjempar om plass i A-troppen.

Rekruttlandslaget skal kommande helg delta på Topphåndballseminaret i Sandefjord som utøvarapparat.

Emilie, årets midtback

Emilie Christensen blei fredag kåra som årets midtre bakspelar i Grundigligaen for kvinner med 27,2% av stemmene. Totalt var det nominert 11 kandidatar på speleplassen. Resten av årets lag er: Marie Tømmerbakke, Oppsal (målvakt), Line Bjørnsen, Glassverket (høgre kant), Amanda Kurtovic, Larvik (høgre bakspelar), Karit Brattset, Vipers (linjespelar), Helene Gikstad Fauske, Stabæk (venstre bakspelar), Thea Mørk, Larvik (venstre kant)

Mia tok bronse

Ei anna Os-jente som har markert seg nasjonalt er Mia Torp Nielsen som sist helg spelte på NHF Region Vest sitt lag i NM for regionslag på Lillehammer. 

Jentene frå vest vann pulja si med siger over Sør-Vest (18-14), Innlandet (17-13) og Nord (23-17).

I semifinalen møtte Mia og dei andre jentene frå Vestlandet jentene frå Region Sør (Vestfold, Buskerud) og måtte sjå seg slått 16-20 etter å ha leia 11-9 til pause.

I bronsefinalen var det igjen region Innlandet som var motstandar. Som i den innleiande kampen var Vest best og vann til slutt 27-16 etter å ha leia 14-9 til pause.

Mia Torp Nielsen skåra to mål i løpet av turneringa.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.