Sport | 14. jan. 2015

Åsane vil forhandla med Os

Lassen ønskjer å bli Åsane-spelar, men har dei råd til å løysa han ut? – Elles har dei ikkje noko i 1. divisjon å gjera, meiner Bakkerud.

Åsane vil forhandla med Os
Simen Helland Lassen, her i oppvarming med A-laget til Brann, kan bli Åsane-spelar. Men først skal det forhandlast med Os Fotball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. jan. 2015 10:55

Tidlegare Os-spelar Fredrik Heggland har signert med SK Brann og Vegard Leikvoll Moberg har signert med Åsane Fotball. Begge er proffkontraktar i førstedivisjon, noko som utløyser utdanningskompensasjon til klubben som fostra spelarane i ungdomsåra (frå 12 til 21 år).

Les òg: Dette tener Os på Fredrik sin proffkontrakt

I tillegg ønskjer Åsane å signera Simen Helland Lassen, som gjekk til Brann saman med Fredrik i januar 2013.

– Vi kjenner Simen som motstandar då Åsane spelte mot Brann 2 i serien, og som type, då han har trent med oss i det siste. Han lever som ein toppidrettsutøvar, har veldig gode haldningar og er svært god med ball, ein spelar som passar godt inn i den stilen vi ønskjer å spela fotball, seier sportsleg leiar i Åsane Fotball, Trond Bjørndal.

Åsane har frå før styrka stallen med to spelarar, Kjetil Kalve og Kevin Duré frå Nest-Sotra og Fredrikstad, i tillegg til Damian Sanchez Olsen, som dei har hatt på lån frå Nest sidan i haust.

– Vi er eit nyopprykka lag og er ikkje i posisjon til å bruka mykje pengar på å kjøpa spelarar. Vi har vore i dialog med Os Fotball og styret vårt held no på å vurdera ein nøkkel på korleis vi kan få dette til.

– Viktig at dei gjer opp for seg

Sportssjef i Os, Lars Bakkerud, presiserer at han ønskjer at klubbane skal bli einige, og at han forstår at Simen ikkje ønskjer å spela i 3. divisjon med Os.

– Vi skulle gjerne hatt Simen til Os, men han bør spela i 1. divisjon om han får sjansen. Men det er også viktig at førstedivisjonsklubbar betalar for seg, meiner han.

– Viss dei har manglande evne eller vilje til å løysa ut denne kompensasjonen så undergraver dei den verksemda som faktisk har fått dei opp i 1. divisjon, naboklubbane som driv med spelarutvikling og forsyner klubbar på veg opp med sine største talent.

– Det handlar om solidaritet, men det handlar også om å førebu seg på høgare nivå. Skal du rykka opp, og helst bli verande, så må du budsjettera med kjøp eller kompensasjonsbetaling for fleire spelarar kvart einaste år.

Bakkerud seier Os Fotball vil vera løysingsorienterte, men at dei er opptatt av at det bør ligga noko i potten til klubben spelarane kjem frå.

«Ordinær» pris for tre spelarar: 320.000 kroner

Utdanningskompensasjon skal betalast for spelarar som var under 23 år i starten av året dei signerer kontrakten. Det betyr at Vegard Leikvoll Moberg, som fyller 24 år i januar i år, men som var 22 år i starten på fjoråret, då han signerte, også fell inn under ordninga.

For både Åsane og Brann er det snakk om store summar. I tillegg til 10.000 kroner året per år frå spelarane var 12 til 16 år (40.000 kroner per spelar), skal det betalast ein høgare årleg sum per divisjonsforskjell frå fylte 16 år til overgang til ny klubb.

Simen fyller 21 år i april i år. Han var 18 år då han gjekk til Brann på nyåret 2013 (blei einige om overgang i november 2012). Fredrik fyller 20 år i november i år og var 17 år i januar 2013.

Frå fylte 16 år blir det rekna snittet av summen per kategori, altså av 40.000 (1. divisjon) og 10.000 (3. divisjon), som tilsvarar (40+10/2) 25.000 kroner per år.

Ordinær pris for Simen vil for Åsane bli 40.000 kroner for dei første ungdomsåra + 2 x 25.000 kroner for dei to åra han var i Os etter fylte 16 år, altså totalt 90.000 kroner, same sum som Brann skal betala Os for Fredrik Heggland (dersom dei slepp å betala tippeliga-pris trass i at Brann var i Tippeligaen då Fredrik signerte).

Vegard Leikvoll Moberg hadde nettopp fylt 20 år då han i februar 2011 signerte med Åsane, og vil dermed utløysa ein kompensasjon på 140.000 kroner (40.000 + 4 x 25.000), om Midtsiden har forstått utrekningsmodellen frå fotballforbundet på rett måte. Og om kontrakten hans, som gjeld frå årets sesong, vil bli sett på som gjeldande frå 2014. Viss ikkje blir det ingen kompensasjon for Leikvoll Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.