Kultur | 28. feb. 2016

Aurora tar pusten frå managementet

– Ho treff folk på ein heilt spesiell måte, i alle aldrar, over heile verda, seier Per Mygland frå Made.

Aurora tar pusten frå managementet
Dagleg leiar i Made Management, Per Mygland, var i Oseana med Aurora i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. feb. 2016 09:27

Dagleg leiar i Made, Per Mygland, var sjølv i Oseana under Aurora-konserten i går.

Sjå bildeserie og video frå konserten.

Det er berre halvanna år sidan dei signerte store platekontraktar i Europa og USA sidan har det skjedd mykje.

– Det er så tett mellom høgdepunkta at dette året kjennest som fleire. Interessa ute i verda er no så stor at vi må sortera ut mykje før vi tar noko av det vidare med Aurora.

– Kva er det som gjer at ho når så langt ut, at ho treff så mange?

– Vi er like overraska som deg. Ho er ein unik låtskrivar og ein fantastisk vokalist. Men ho er òg ein briljant formidlar. Ho connectar med folk på ein heilt eigen måte, det sprett opp fanklubbar over heile verda, Aurora Peru, Aurora Vietnam, og så vidare, utan at vi har gjort noko aktivt i desse verdsdelane. Her har Aurora gjort mykje bra, ho er blant anna dyktig i sosiale media. Den delen styrer ho sjølv på ein heilt eigen måte.

Sjølv oppdaga Made det unike med Aurora under ei hektisk øving før Bylarm for to år sidan.

– Ho og bandet hadde øvd i berre ein månad. Vi sto og såg på rett før konserten og alt var ikkje heilt bra. Så tok vi Aurora til sida og sa syng. Så kom det, den klare vokalen, opp med armane, heile vesenet - vi hadde ein magisk augneblink, vi skjønte at dette kunne bli stort, seier Mygland.

Eit tungt plateslepp

Om to veker, fredag 11. mars, skal debutalbumet «All My Demons Greeting Me As A Friend» lanserast. Allereie måndag reiser Aurora til England, så går turen til USA, og tilbake i Europa, og så til USA igjen. Talkshow, bransjetreff og turné står på programmet. Konsertar i L.A.

– Korleis blir albumet lansert?

– Det blir verdslansering med ekstra tyngde i Skandinavia, England, Benelux, Sveits, USA og Australia.

– Kva skala er det snakk om?

– Så stor skal som mogleg. Det er trinnvis, men det er på eit nivå få andre norske artistar har vore med på. Aurora er løfta frå dei nasjonale plateselskapa opp i det eksklusive morselskapet Universal International. Det er det for eksempel berre to andre nykomarar under der britiske paraplyen som har kome med, éin av dei var nyleg nominert til Brit Awards.

Utselt i USA - klar for Roskilde

Ifølgje Aurora si heimeside er Paradiso i Amsterdam 19. mars den neste konserten. Så kjem Berling før 14 konsertar på USA-turneen. Konsertar i L.A., Chicago og New York er utselt.

Til sommaren står blant anna Roskilde for tur, men òg nokre norske festivalar, som Bygdalarm i Øystese.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.