Sport | 30. nov. 2015

Banka inn ti som back

Nils Andris Hamre (18) blei omskolert frå strek til back og banka inn ti mål då Os spelte uavgjort mot BSI.

Banka inn ti som back
Nils Andris Hamre blei omskolert til back og skåra 10 mål mot BSI (Foto: AH)
Andris Hamremandag 30. nov. 2015 11:38

Det blei igjen mykje mål då Os og BSI møttest til kamp i Fantoft idrettshall søndag ettermiddag. I førre seriekamp for to og ei halv veke sidan vann Os 31-26. Søndag blei det enno fleire mål då dei to laga spelte uavgjort 30-30.

– Vi bergar eitt poeng på ein dårleg dag. Det virka som om nokre av spelarane kom i hallen med restar av julepynt på skoa, seier trenar Kenneth Husebø.

Os hamnar seks mål bak ganske kjapt i kampen.

– BSI er eit passe bra lag og var nok hakket vassare no enn då vi møtte dei sist. Når dei i tillegg kom i flytsonen og lyktes med alt dei prøvde på i 1. omgangen blei det tøft. Men guttane skal ha skryt, dei sto på og avslutta omgangen bra, slik at vi berre var eitt mål bak til pause.

Hadde matchball

Heller ikkje andre omgangen er mykje å skryta av meiner Husebø.

– Vi er vel på 26-26 og 29-29 før slutt. På 29-29 avsluttar BSI og vi reddar, men taper duellen om ballen kor vi er to mot ein. Det skal ikkje skje. Då hadde vi moglegheiten til å avgjera i vår favør, men lar i staden dei få eitt billeg mål som gjer at vi bergar 30-30 i staden for å vinna 30-29.

Omskolert til back

Husebø trekk fram linjespelar Nils Andris Hamre som Os sin store spelar mot BSI.

– Nils var outstanding og banka inn ti mål for oss, og det som back. Han har tidlegare spelt strek, men eg har i det siste førebudd han på at han må rekna med å spele meir back. Den oppgåva løyste han bra i går.

– Dei andre gutane skal få skryt for at vi hentar inn BSI når vi ligg under, men noko meir enn det får dei ikkje.

Tøff kamp i vente

Neste kamp spelar Osherrane borte mot Norrøna onsdag 9. desember.

– Det blir ein tøff kamp mot rutinerte spelarar. Norrøna har forynga seg denne sesongen, men har framleis flust av rutine, så her gjeld det å vera på om vi skal klara målsettinga om topp-6, slik at vi held oss i 3. divisjon også neste sesong, avsluttar Husebø.

Nett no ligg Os på 4. plass med åtte poeng, det same som både 3. og 6. plassen.

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.