Lokal | 21. sep. 2017

«Barn som blir mobba har litt skyld i det sjølv!»

7,5% av tilsette og 4,9% av føresette er einige. – Dette er katastrofe-tal, seier Per Olav Sørås.

«Barn som blir mobba har litt skyld i det sjølv!»
Per Olav Sørås orienterte tenesteutvalet onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 21. sep. 2017 10:41

Tala i ingressen til denne saka er ikkje henta frå ei undersøking i Os kommune, men i ei anna mellomstor kommune som har opplevd alvorlege mobbesaker, lik dei som blei vist i den sterke Brennpunkt-dokumentaren «Arnar og Mia» på NRK tysdag.

– Brennpunkt-dokumentaren er det mest triste av alt. Men ikkje heilt uvanleg. Eg såg spesielt på korleis rektorar, skulesjefar og rådmenn svara og er skuffa over kor lite kunnskap dei har og måten dei svarar på.

– Når det er ei mobbesak så skal dei vaksne gå inn og bestemma. Då skal ikkje elevane sitta saman i gruppe og snakka om det, poengterte Per Olav Sørås, fagsjef for skule og leiar av innsatsteamet for eit godt oppvekstmiljø i skule og barnehagar i Os kommune då han orienterte tenesteutvalet onsdag.

Kva hadde svara vore i Os?

Sørås viste tal frå ein undersøkelse om haldningar til mobbing som var gjort i ei anna mellomstor kommune (ikkje Os, journ.mrk).

  • 7,5 % av dei tilsette og 4,9% av føresette støtta påstanden om at barn som blir mobba har litt skyld i det sjølv.
  • 1,3% av dei tilsette og 1,4% av føresette støtta påstanden om at mange mobbeofre fortener av og til å bli mobba.
  • 8,9% av tilsette og 17% av føresette støtta påstanden om at barn som blir mobba kan unngå mobbing med litt innsats.
  • 7% av tilsette og 12% av føresette støtta påstanden om at det ikkje er rart at nokre barn blir mobba.

– Dette er katatstrofetal. Eg undrar meg kva eg hadde fått av svar om eg hadde sendt den ut i Os. Dette seier noko om kva som ligg i oss som vaksne, kommenterte Sørås.

Har ikkje gått ned

Trass mange ulike tiltak og "kampanjer" mot mobbing har ikkje tala på tilfeller gått ned.

– Opplæringslova kapittel 9A har difor blitt stramma vesentleg inn. No krev det aktiv jobbing av skulane før ting skjer og det er tydeleggjort at alle, uansett om dei er rektor, lærar, vaktmester eller reingjeringspersonale, har plikt til å gripa inn.

– Når rektor får beskjed, så har han ei veke på seg til å iverksetta tiltak med ein skriftleg plan. Gjer han ikkje det kan dei føresette klaga til fylkesmannen.

– Dette handlar ikkje berre om mobbing, men om ein elev som ikkje har eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, som det står i lova.

– Eg meiner det er heilt riktig det dei gjer med å gå så tungt inn som dei no gjer for mobbetala har ikkje gått ned, poengterte Sørås.

Førebudd på tøffe saker

Bakgrunnen for Sørås si orientering i tenestevalet er det nyoppretta innsatsteamet.

– Teamet er no på plass. Det skal både hjelpe skulene og barnehagen, men også vera eitt telefonnummer som foreldra kan ta kontakt med. Vi kjem til å gå ut med eit infoskriv og ei kampanje rett etter haustferien.

– Vi veit frå andre plassar at det plutseleg kan komma opp saker vi ikkje veit om frå før når vi går så breitt og offensivt ut. Det er veldig bra og vi er førebudd på at det i starten kan bli eindel sakar. Det kan også kome opp gamle saker og dei kan vera ekstra krevande, men dei må vi ta høgde for.

– Håpet er at foreldra bruker teamet i staden for å gå direkte til fylkesmannen, avslutta Sørås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.