Lokal | 15. jan. 2018

Båt funnen på Kuskjeret

Funnen på land i friluftsområde på Forstrøno.

Båt funnen på Kuskjeret
Denne båten ligg på land på Kuskjeret på Forstrøno. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. jan. 2018 13:50

Saknar du båten din? Søndag blei ein svart båt utan motor funnen på Kuskjeret, eit friluftsområde nær Ervikane.

Sjå kart på bof.no

– Båten er i Pioner-liknande materiale og ser ut til å vera rundt 15-16 fot, fortel innsendar av tips og bilde.

Han fann båten i går, søndag.

Det er grønt tau på hekken som har vore akterfortøying, men ingen tau i baugen.

Søndag formiddag blei det meldt om tjuveri av påhengsmotor frå båt i Forstrønesundet, ikkje så langt frå der båten var funnen. Det er uvisst om båten som er funnen har vore meldt stolen, eller om den kan ha slite seg i den sterke vinden søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.