Lokal | 07. apr. 2013

– Betre enn Oslo

Os er som vanleg godt representert på Dra til Sjøs, og fleire av dei fortel om godt sal.

– Betre enn Oslo
Henrik Askvik frå Askeladden Boats er nøgd med salet på årets Dra til Sjøs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. apr. 2013 07:39

Bildeserie:

Dra til Sjøs er flytta til motsett side av Solheimsviken. (Foto: KVB)
Dra til Sjøs er flytta til motsett side av Solheimsviken. (Foto: KVB)
Jan Rotnes og Terje Søviknes fann mykje fint å sjå på. (Foto: KVB)
Jan Rotnes og Terje Søviknes fann mykje fint å sjå på. (Foto: KVB)
Dragonfly 28 sport blir vist i Bergen for første gong i år. (Foto: KVB)
Dragonfly 28 sport blir vist i Bergen for første gong i år. (Foto: KVB)
Jeanneau ruvar på messa. (Foto: KVB)
Jeanneau ruvar på messa. (Foto: KVB)
Askeladden er med 9 båtar også godt synleg. (Foto: KVB)
Askeladden er med 9 båtar også godt synleg. (Foto: KVB)
A66 Multi, første Askeladden i aluminium. (Foto: KVB)
A66 Multi, første Askeladden i aluminium. (Foto: KVB)
Drange har med seg to nye Ibiza-modellar, som denne sportslege 20-fotaren. (Foto: KVB)
Drange har med seg to nye Ibiza-modellar, som denne sportslege 20-fotaren. (Foto: KVB)
Med ATV på fisketur? (Foto: KVB)
Med ATV på fisketur? (Foto: KVB)
Espen Aspenes på plass med bryggene frå Alutec. (Foto: KVB)
Espen Aspenes på plass med bryggene frå Alutec. (Foto: KVB)
Og vassjetkjørar Markus Slettebakken på stand for jetski-klubben. (Foto: KVB)
Og vassjetkjørar Markus Slettebakken på stand for jetski-klubben. (Foto: KVB)
1 av 10

Torsdag opna årets båtmesse i Bergen, på motsett side av fjorden frå der Arenum var.

Ved Marineholmen bak Vil Vite er Dra til Sjøs i telt og langs ei lang brygge, og på messa finn vi som vanleg fleire bedrifter frå Os.

– Båtmessa i Oslo, der vi blant anna lanserte to båtar, var ikkje så verst. Men salet er betre her i Bergen, vi er veldig nøgd, seier Askeladden-sjef Henrik Askvik.

Askeladden Boats hadde med 9 båtar på messa, blant anna dei to nye modellane, A66 Multi (Askeladdens første i aluminium) og P77 (den første i P-serien med aksling), som blei nominert til årets båt på Sjøen for Alle på Lillestrøm førre månad.

– Vi har gått meir over til heilårsbåtar og dette treff førebels best på Vestlandet og nordover. Men Sørlandet og Austlandet kjem etter, seier Askvik, som selte to båtar torsdag, fem fram til vi snakka med han på laurdag, og endå fleire på blokka som skal følgjast opp etter messa.

Drange med nye Ibiza-modellar

A.K. Dranges Båservice & Co og Motor Drange As er representert med tre Ibiza-båtar på messa.

– To av desse er heilt nye, 20 fot bowrider og 20 fot sport, fortel Jenny Drange.

Skibsplast har lenge vore eit viktig merke for Drange, men dei har no lagt ned produksjonen.

– Vi held oss til Ibiza, men ser litt etter eit nytt merke etter at Skibsplast dessverre la ned produksjonen.

Salet i fjor er Jenny ikkje nøgd med, men ho seier samtidig at Drange med marina og verkstad, og utan lager, ikkje er avhengig av å selja båtar.

Full kontroll på Austevoll

Osingen Bjørn Askvik har lang fartstid i båtbransjen, og starta i fjor Austevoll Båtsenter.

– Vi fekk eit godt førsteår og har utvida både bemanning og utval.

– I år har vi budsjettert med vekst, og veksten har vore langt over det som var venta, seier Bjørn.

Då vi snakka med han hadde han selt fem båtar. For halvannan månad sidan blei han dessutan Askeladden-forhandlar igjen, og før messa selte han tre store Askeladden-båtar.

– Det var kjekt å selja Askeladden igjen, synest osingen med Austevoll som område for Askvik-slekta sin over 100 år gamle juvel.

Bra bryggeinteresse

Blant andre osingar møtte vi ordførar Terje Søviknes, som ikkje var på jakt etter ny båt til årets hummarfiske.

– Eg er berre nedom og ser, påsto han.

Partikollega og bryggebyggar Espen Aspenes står i teltet og viser flytebryggene sine.

– Interessa har vore bra. Vi plar ikkje selja brygger direkte på messa, men eg har fått folk innom som har bedt om pris på både enkeltbrygger og marinaer på rundt 100 plassar, seier Aspenes nøgd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.