Sport | 30. aug. 2016

Betre enn Viking i 20 minutt

– Dette gjekk betre enn venta, seier Trond Førde Eriksen etter Os sin NM-runde mot førstedivisjonslaget.

Betre enn Viking i 20 minutt
Tonje Hjertnes stilte med nytt etternamn etter ferien. Fru Rykkel skåra flest spelemål med fem skot i nota bak Viking-keeperen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. aug. 2016 20:07

Bildeserie:

NM-kamp mot Viking lokka 186 tilskodarar til Oshallen. (Foto: KVB)
NM-kamp mot Viking lokka 186 tilskodarar til Oshallen. (Foto: KVB)
Hilde Kristine Røttingen reduserte til 12-17 tidleg i 2. omgang. (Foto: KVB)
Hilde Kristine Røttingen reduserte til 12-17 tidleg i 2. omgang. (Foto: KVB)
Madeleine sette inn fem, eitt av dei frå 7-meteren. (Foto: KVB)
Madeleine sette inn fem, eitt av dei frå 7-meteren. (Foto: KVB)
Liv Lunde har skåra i begge sine første kampar med førstelaget. (Foto: KVB)
Liv Lunde har skåra i begge sine første kampar med førstelaget. (Foto: KVB)
Vibeke Ingebrigtsen gjorde ein god kamp, og redda blant anna ein kontring. (Foto: KVB)
Vibeke Ingebrigtsen gjorde ein god kamp, og redda blant anna ein kontring. (Foto: KVB)
Her skårar debutant Gry Nummedal 18-29-målet. (Foto: KVB)
Her skårar debutant Gry Nummedal 18-29-målet. (Foto: KVB)
Thiet Dang kom på kontring og sette inn sitt andre for dagen, 20-30. (Foto: KVB)
Thiet Dang kom på kontring og sette inn sitt andre for dagen, 20-30. (Foto: KVB)
1 av 7

Tysdag kveld tok Os imot Viking til andre runde i NM. Os slo Bjørnar 25-31 på bortebane før det var duka for førstedivisjonsmotstand i Oshallen.

Os starta bra og mange av dei 186 på tribunen gledde seg over at heimelaget leia med to mål då ein tredel av første omgang var spelt.

– Dette gjekk betre enn venta! Vi sto stødig i forsvar og det var ekstra kjekt å sjå ungjentene på banen mot så sterk motstand, seier trenar Trond Førde Eriksen.

Saman med assistent Gitte Torp hadde han bestemt at seriekampen søndag skulle prioriterast, NM-kampen mot Viking var ein etterlengta treningskamp.

Det blei ein del byte og Viking tok over.

– Kampen blei i grunnen som venta. Os var gode både mot Tertnes i NM i fjor og i 2. divisjonsserien. Vi var førebudd på at dei kunne henga med ei stund, samtidig synest eg ikkje vi var gode nok i starten, seier Viking-trenar Martin Schmidt.

Os - Viking 21-32 (11-16)
Os: Vibeke Ingebrigtsen, Tonje Hjertnes Rykkel 5, Madeleine Hjertnes 5 (1 x 7m), Emilie Hjertnes, Maria Stangeland Lunde 2, Hilde Kristine Røttingen 2, Thiet Dang 2 (1 x 7m), Marte Øvreeide 1, Liv Pauline Lunde 1, Gry Nummedal 1, Malin Hjelle, Bente Mjanger, Marlene Hauge Sund og Mia Torp Nielsen.
Viking: Mariell Cooper, Camilla Leikvoll 3, Linn Gosse 8 (5 x 7m), Vilde Veland 2, Tiril H. Folkestadsås 4, Hege Eek Larsen 2, Benedicte Nesdal, Stine Lund Andreassen 5, Hanna Reknes, Lene Burmo 4, Elisabeth Duus Sørensen og Line Pedersen 4.

I andre omgang gjekk Viking opp i 12-20-leiing før Os kom seg opp til 14-20 og 15-22.

Blant målskårarane på heimelaget etter pause var talentet Liv Pauline Lunde frå Os og debutanten Gry Nummedal.

– Det er klart det betyr mykje å skåra, eg synest det var kjempegøy, seier Gry, som er frå Sogndal, men har budd i Os dei siste fem åra.

– Eg fylte ikkje 16 før i desember i fjor, og då var sesongen godt i gang og eg fekk ikkje speletid før i første NM-runde i årets sesong. Eg er takksam for all tid eg får på banen og synes det var ein gøy kamp, seier Liv, som òg skåra (to mål) i debuten onsdag 17. august.

Os startar serien heime mot Skrim søndag (kl 17).

TERMINLISTE/TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.