Lokal | 25. juli 2014

– Blei blenda av sola

Ein bil kjørte i autovernet på Søfteland torsdag.

– Blei blenda av sola
Politiet rykte i går ut til eit trafikkuhell på Søfteland. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. juli 2014 08:20

Torsdag i 13.30-tida fekk politiet melding om eit trafikkuhell på E39 på Søfteland.

– Ingen blei skadd og det er ikkje mistanke om uaktsam kjøring eller promille, seier konstituert lensmann Audun Hadler-Olsen.

– Føraren forklarte at han hadde blitt blenda av sola og at dette var årsaka til ulykka. Sjølv om det var midt på dagen og ganske høg sol såg vi at det på staden, i den bilen, kan stemma.

Politiet fekk i går også melding om kyr i vegen i Storestraumen, men der var bonden allereie i gang med å taua dei inn. Dei fekk også melding om delvis sperra veg grunna motorstopp hos trailer i Industrivegen.

Ein mann i 30-åra gjekk rusa rundt på Amfisenteret i 14-tida, men han var vekke då patruljen kom fram.

Politiet i heile Noreg fekk torsdag auka beredskap grunna informasjon frå PST om planlagt terrorangrep. Situasjonen er uendra og politiet held oppe auka bemanning, også i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.