Næringsliv | 01. des. 2015

Blir forhandlar for Hedalm Anebyhus

Robert Kaastad satsar i bustadmarknaden med tradisjonsrike hus frå Austlandet.

Blir forhandlar for Hedalm Anebyhus
Jonas Waldeland frå Hedalm Anebyhus har fått Robert Kaastad som forhandlar frå Bergen sør til Sveio. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. des. 2015 20:23

Entreprenør Robert Kaastad, som frå før eig og driv Os Anlegg AS, vil auka satsinga i bustadmarknaden.

– Os er i vekst og eg trur det er marknad og interesse for eit større utval hus- og fleirmannsbustadar. Eg er veldig nøgd med å få forhandlarstatus for velkjente Hedalm Anebyhus, seier Kaastad.

Han held fram med entreprenørselskapet sitt samtidig som han er i ferd med å tilsetja seljar og etablera kontor med nytt firma. Dette namnet Os Bygg og Invest AS.

Hedalm i utviding

Hedalm Anebyhus var svenskeigd etter oppstart i 1967, men har hatt norske eigarar sidan 1985. Selskapet har eit eige leveransesystem for fabrikkframstilling av bustadar basert på elementproduksjon frå eigen fabrikk.

– Vi har 12 eigeneigde salskontor i Noreg og utvider no med forhandlaravtalar med lokale byggmeistrar og entreprenørar, seier forhandlarsjef Jonas Waldeland.

Hus- og hytteprodusenten har produksjon og hovudkontor i Ilseng, litt sør for Hamar. Selskapet hadde ein omsetnad på 120 millionar og eit årsresultat på 4,6 millionar kroner i 2014.

– Vi sel hus, hytter og fleirmannsbustadar, både i tradisjonell og moderne arkitektur. Fleire av husa er av element som gjer det enkelt å justera opp og ned i storleik, i tillegg til at våre arkitektar hjelper kundane med individuell tilpassing.

Frå Bergen til Sveio

Prosjektleiar i Hordaland og Sogn & Fjordane, Ragnar Myklebust, seier at Hedalm Anebyhus har vore godt mottatt på Vestlandet i mange år.

– Nett no held vi på med eit prosjekt med 34 bustadar i Arna.

Kaastad sitt nye firma får forhandlarstatus for Bergen sør, kommunane rundt Bjørnafjorden og sør til og med Stord og Sveio.

– Eg har område eg vil utvikla sjølv, men vi kjem naturlegvis òg til å retta oss mot privatmarknaden.

I 2014 utvikla Kaastad eit område i Hegglandsdalen saman med Himo AS, eit vellykka prosjekt der dei ifølgje Kaastad selte 16 bustadar på rundt 14 dagar.

Gav seg ikkje

– Korleis kom du i kontakt med Hedalm Aneby-folka?

– Eg rekna på entreprenørjobben på eit felt dei har på Bønes.

– Og så gav han seg aldri. Eg forsto at dette var ein mann for oss, skyt Waldeland inn mens han ler av sin nye samarbeidspartnar.

Kaastad har førebels ikkje fått svar på om han får grava på Bønes ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.