Sport | 03. nov. 2011

Blir kraft-trenar

Politi i permisjon: Os-trenar Audun Hadler-Olsen får ansvaret for dei største rotalenta på Vestlandet.

Blir kraft-trenar
Andris Hamretorsdag 03. nov. 2011 10:44

Hordaland Rokrets har nyleg tilsett Ostrenar Audun Hadler-Olsen som trenar for dei største rotalenta på Vestlandet gjennom satsinga «Kraftsenter Vest».

- «Kraftsenter Vest» kjem etter at landslagstrenar Carsten Hassing har tatt med seg konseptet med kraftsentre forskjellige stader i landet frå heimlandet Danmark.

- Ideen går ut på å skapa gode treningsmiljø på tvers av klubbane slik at dei beste kan få trena og ro saman tidlegare enn kva som har vore vanleg tidlegare, fortel den nytilsette trenaren.

Hadler-Olsen tar permisjon frå jobben som politiførstebetjent ved Os lensmannskontor i perioden.

Tidligare saman

Tradisjonelt har det gått eit stykkje ut i sesongen før roarar på tvers av klubbane har funne kvarandre og hamna i same båt i forkant av meisterskap. Dette har gjort at samkøyringa i båten ikkje alltid har blitt optimale.

- Fordelen med den nye løysinga er at ein no kan settje saman båtane tidligare i sesongen og jobba i ei lengre periode med roarne i høve til teknikk og rytme, forklarar Hadler-Olsen.

Frå Stavanger til Ålesund

Hadler-Olsen får i første omgang ansvaret for åtte utøvarar frå Stavanger i sør til Ålesund i nord.

- Gruppa består av tre juniorar og fem U23-utøverar med éin busett i Ålesund, to i Stavanger og resten i Bergensområdet.

Blant utøverane han no får ansvar for er to gutar han kjenner godt frå forrige sesong. Ålesundbaserte Martin Helseth og osguten Amund Bjørnevik rodde i fjor saman i 2-ar uten styrmann kor dei som førsteårs juniorar kvalifiserte seg til Jr-VM i London.

- Det er ei naturleg målsetting for Amund og Martin som for resten av gruppa at dei kvalifiserar seg til henhaldsvis junior- og U23-VM også i neste sesong, fortel Hadler-Olsen.

Startar i Sevilla

Engasjementet Hadler-Olsen har fått strekk seg frå februar og ut august.

- Eg er innvilga permisjon frå jobben på lensmannskontoret, men kjem attende hit i slutten av august.

I mellomtida blir det Fana Roklubb som blir hovudarenaen for rotrenaren.

- Både Fana og Bergen har gode fasilitetar og gode miljø, så det er naturleg å byggje arbeidet rundt desse miljøa med samlingar for gruppa der.

Første oppgåve for Hadler-Olsen blir å lede gruppa i varmare strøk.

- Vi startar sesongoppkjøringa i Sevilla i Spania med ein fjorten dagars treningsleir.

- Grunntreninga med kondisjon og styrke som skal til før samlinga skjøtter utøverane sjølv i sine eigne klubbar.

- I tillegg kjem vi til å helde fram samarbeidet med Olympiatoppen Vest i høve til testar og lignande.

- Det gror og spirer veldig godt i romiljøet, så dette blir ei ny utfordring gler eg meg veldig til, avsluttar Audun Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.