Samferdsle | 23. mars 2024

Blir nattestengt for vedlikehald

Startar opp igjen arbeidet med vedlikehald.

Blir nattestengt for vedlikehald
Lepsøybrua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børneslørdag 23. mars 2024 16:29

På Bjørnafjorden kommune sine heimesider opplyser dei om nattestengt bru.

– Lepsøysundet bru blir nattestengt frå tysdag 2. april til laurdag 6. april.

Brua blir stengt grunna vedlikehald, og tidsrommet for stenginga er mellom klokka 23.00 til 05.00.

Vestland fylkeskommune starta arbeidet med rehabiliering av sjølve køyrebanen på dei fire bruene i slutten av august 2023.

I vinter har det vore pause i arbeidet som no startar opp igjen.

Arbeidet omfattar blant anna etablering av nytt fortau, mekaniske reparasjonar, skifte ut røyr og ristar og legge ny asfalt på vegen.

Arbeidet vil føregå fram til 15. oktober 2024.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.