Lokal | 12. feb. 2016

Blir truleg forseinka og dyrare

Utbygginga av Luranetunet går ikkje etter planen. Fornminner forseinkar utbygginga og kan auke kostnaden.

Blir truleg forseinka og dyrare
Medan Consto ventar på dispenasjon frå Riksantikvaren har dei starta arbeidet med det nye dagsenteret (foto: Cathrin Valestrand)
Andris Hamrefredag 12. feb. 2016 11:36

Bildeserie:

Dagsenteret kjem i enden av dagens Luranetunet (foto: CV)
Dagsenteret kjem i enden av dagens Luranetunet (foto: CV)
Også i området kor den nye administrasjonsfløyen skal komma har ein starta arbeida (foto: CV)
Også i området kor den nye administrasjonsfløyen skal komma har ein starta arbeida (foto: CV)
1 av 2
Dagsenteret kjem i enden av dagens Luranetunet (foto: CV)
Også i området kor den nye administrasjonsfløyen skal komma har ein starta arbeida (foto: CV)

I slutten av september godkjende kommunestyret planene for utbygginga av Luranetunet, men framleis har ikkje Consto Bergen AS, som fekk oppdraget med å bygga sjukeheimen, kome skikkeleg i gang.

Det kan kosta kommunen dyrt.

– Kor mykje ekstra kostar det, undra Gisle Hesjedal (Ap).

– Vi må nok betala ekstra til entreprenøren fordi dei må vente. Kor mykje det blir snakk om er ei forhandlingssak som prosjektavdelinga tek med Consto, men at det blir nokre ekstrakostnader må vi rekna med.

– Foreløpig er det nok ikkje snakk om ekstraløyvinger. Vi har satt av reserver i prosjektet, som truleg vil dekka ekstrarekninga, forklarte Nils-Petter Borge, kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap i tenesteutvalet denne veka.

Ventar på riksantikvaren

Årsaka til at prosjektet ikkje har kome i gang som planlagt er fornminnene som ligg på Lurane.

– Det er no etablert kontakt med riksantikvaren på politisk leiarnivå. Vi må få dispensasjon frå han før vi kan gå i gang med arbeida.

– Kva snakkar vi om i forhold til ferdigstillelse, gjer de omprioriteringar i rekkefølgja eller blir det seinare ferdigstilling, undra Eirik André Hesthamar (Frp).

– I verste fall snakkar vi om 3-6 månader forseinking. Det er eit spørsmål om entreprenøren klarar å ta igjen noko. Dei får gjort meir på administrasjonsfløyen og dagsenteret tidlegare enn planlagt.

– Kan vi risikera at arkeologane, når dei eventuelt byrjer å grava finn noko som kan stoppe heile prosjektet, følgde Gisle Hesjedal opp.

– Eg støtter meg til fylkeskonservatoren som seier at dette er ein disposisjonssak, men forminner er i utgangspunktet automatisk freda, svara Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.