Lokal | 25. aug. 2016

Bruhøyring nærmar seg

Hordfast: Kommunedelplanen for E39 Stord - Os med bru over Bjørnafjorden kjem truleg på høyring i september.

Bruhøyring nærmar seg
Parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik i diskusjon med ordførar Terje Søviknes (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 25. aug. 2016 07:28

I samband med vitjinga frå storingsrepresentantane Helge André Njåstad (Frp) og Harald Tom Nesvik (Frp) kunne ordførar Terje Søviknes fortelje at det nærmar seg høyring av kommunedelplanen for E39 Stord-Os.

– Planen ligg no både i Samferdselsdepartementet og Kommunal og moderniseringsdepartementet. Der er sistnemnde som står for den statlege planen, men dei skal koordinera seg før planen kjem ut på offentleg høyring.

– Regjeringa har ein ambisjon om å legga den ut til høyring i løpet av september, med vedtak i desember, fortalte Søviknes, til stadfestande nikk frå dei to stortingspolitikarane.

Skal rekke NTP

Framdrifta tek sikte på at kommundelplanen skal vera ferdig vedteken før behandlinga av nasjonal transportplan tek til på nyåret.

– Kyststamvegen på vestlandet er det viktigaste prosjektet i NTPen, ikkje minst med tanke på den regionaliseringa som går føre seg på fylkesnivå.

– Eg var i dag på felles fylkesutvalsmøte med fylkesutvala i Sogn og Fjordane, Hordland og Rogaland i samband med fylkesreforma. Ein ting som kom tydeleg fram i det møte er at ein må ha ein betre infrastruktur på vestlandet, fortalde Søviknes, med ei klar oppmoding til Nesvik om å sørgje for at kommunedelplanen blir handsama før jul.

Tunnel frå Øyane til Os

I tilrådinga frå Vegvesenet som no ligg på departementa sine bord foreslår dei tunnel frå landingspunktet for brua i Øyane til Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.