Etter å ha vore butikkeigar i over 20 år vil Torill Blindheim prøva noko nytt. Om nokre veker stenger ho Zeller for godt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 

To butikkar legg ned

Ein av dei har vore på Amfisenteret i over 20 år.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

AMFI Os, som opplevde rekordomsetnad i 2017, får snart to ledige lokale. To butikkar, begge med lokale eigarar og drivarar, har bestemt seg for å runda av.

Foss Ur og Smykker har vore i senteret i 7 år, motekledebutikken Zeller opna for 20 år sidan.

– Vi hadde ein god start i 2011 og vi fekk nokre fine månadar etter flytting til litt større lokale sommaren 2016, men den veksta som måtte til for at vi kan driva lønsamt kom dessverre aldri, seier Janicke Foss, som òg produserer smykke til eigen butikk og til nettbutikk.

Zeller fortel om mange gode år, eigar Torill Blindheim legg ned fordi ho sjølv vil prøva noko nytt.

– Leigekontrakten gjekk ut ved nyttår, så det er i grunnen nesten eit år sidan eg byrja å tenkja på å runda av etter at 2017 var over.

– Det har vore 20 veldig kjekke år, men det er krevjande å driva butikk, og skal eg prøva noko anna så er det gjerne på tide, seier Torill.

Kjøpte sin eigen arbeidsplass

Zeller starta som Proffen AS, ein Jack & Jones-butikk som avdeling av Os Sport. Torill var blant dei tilsette på den svært hektiske opningsdagen i nytt lokale i 2. etasje 4. desember 1997.

– Dagens senterleiar Silje Lygre var blant dei mange som sto i den lange køen gjennom senteret for å sikra seg eit av dei mange gode opningstilboda, minnast Torill.

I overgangen 1999-2000 overtok ho eigarskapen til butikken, som seinare gjekk ut av kjeden og endra namn frå Bestseller til Zeller, men framleis med både herre- og damemote.

– Damemote har utgjort rundt 2/3 av omsetnaden, men i desember går herre forbi dame.

Gode minne etter gjevande år

Både Janicke og Torill ser tilbake på gode opplevingar ved det å driva sine eigne butikkar.

– Eg er glad for at vi prøvde. Dette er noko eg alltid har hatt lyst til,utan desse åra trur eg det ville irritert meg å ikkje veta korleis det var, seier Janicke.

Ho har tre tilsette, inkludert seg sjølv, fordelt på to årsverk. Torill har fire deltidstilsette ved sidan av si eiga rolle som butikksjef.

– Eg har hatt folk på fulltid òg, blant anna dei tre gongane eg har vore i svangerskapspermisjon. Opp gjennom åra har det å vera arbeidsgjevar for både vaksne og ungdomar vore ei stor glede, og skapt mange nye venskap, seier Torill.

Felles for begge er at dei òg kjem til å sakna dei mange faste kundane.

– Nokre av dei blir du veldig godt kjent med. Det er faktisk sånn at eg har dårleg samvit for at eg no har bestemt meg for å runda av, fortel Zeller-sjefen.

Har fleire interessentar 

Når butikkane legg ned blir det 45 kvadratmeter ledig i 1. etasje etter Foss Ur og Smykker og 258 kvadratmeter ledig i 2. etasje etter Zeller.

– Vi kjem til å sakna både Torill, Janicke og dei fine butikkane deira når dei stenger dørene, seier senterleiar Silje Lygre.

– Saman med sine tilsette har dei vore viktige bidrag til både utvalet og det gode miljøet i senteret, legg ho til.

• Les òg: Rekordhandel på Amfi Os i 2017

Det er ein del år sidan sist det var ledige lokale hos Amfi Os, med unntak av det nye lokalet over Europris, og Lygre fortel at dei allereie jobbar med fleire interessentar for raskt å få fylt lokala som blir ledige.

Bruker januar på å selja seg ut

I morgon startar dei sluttsalet, som kjem til å vara nokre veker fram. Zeller har førebels ikkje bestemt siste opningsdato, Foss Ur og Smykker held ope til og med 30. januar.

Trass at det nett har vore julehandel er det tett med nye varer i begge butikkane.

– Vi fekk påfyll i romjula og vi fekk nye varer i dag. Vi har mykje nytt å by på sjølv om det no blir opphøyrssal, seier Torill.

Også Foss har nyleg fått påfyll, utover varene eigarane produserer sjølv.