Byggestart på Kuventræ
Vestafjell byrja i dag å rydda plass til fleire elevar på Kuventræ barneskule. Tilbygget skal stå klart før skulestart i haust.
Bildeserie:
I desember kom forslaget om å utvida Kuventræ barneskule, i januar blei teikningane sendt inn til byggesaksavdelinga og i dag, måndag 10. februar, var det byggestart.
Parkeringsplassen ved skulen, sandvolleyballbanen, klatreveggen og stien ned til nedre kunstgrasbane er stengt av.
Byggestart i dag
Vestafjell starta med å sperra av området med påfølgjande felling av tre på tomta der tilbygget skal byggast.
Det var også anbodsmøte med synfaring for handverkarar.
– Vestafjell tar i første runde rydding av tomta og grunnarbeid, då dette kjem inn under rammeavtalen vår.
– Anbodsrunden skal gå så raskt som mogleg, for det hastar å få opp denne skulen, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen frå Os kommune.
– Vi vil no ut med eit skriv til foreldra der vi fortel om arbeidet og gjev informasjon knytt til trafikktryggleik i byggeperioden, fortel inspektør ved skulen, Kjetil Gulbrandsøy.
– Mesteparten blir som før, men det blir no biltrafikk heilt inn til skulen, og ein del tungtransport.
Frå 12 til 16 klasserom
Tilbygget blir på til saman 484 + 219 kvadratmeter (1. og 2. etasje) og skal husa fire klasserom, garderobar, toalett, opphaldsrom og fellesareal.
I dag har skulen 14 klassar og 12 klasserom. Det tidlegare tekstilrommet, som seinare blei asis-rom, er saman med mediateket no brukt som klasserom.
Frå august i år får skulen 16 klasserom.
Les òg: Slik blir Kuventræ skule
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.