Os Internasjonale skulptursymposium 2013 (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)

Byrjar å ta form

Bildeserie: Skulptursymposiet er no inne i si siste veke, og sjølv om auksjonen ikkje er før laurdag, byrjar nokre av kunstnarane allereie å bli ferdige.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kari M. Lyssand

- Eg blir nok ferdig med skulpturen min i morgon, seier Nagy Farid frå Egypt.

Skulpturen Farid lagar er både av stein og rustfritt stål og det ser ut som om steinen er bygga rundt stålet.

Nyter kulda

Dette er første året Farid vitjar symposiumet i Os og han er veldig nøgd med opphaldet så langt.

- Alt har vore bra, folk er venlege, vertsfamilien er hyggeleg og så liker eg det kalde vêret, seier Farid, som naturlegvis er vant med mykje høgare temperaturar.

Farid skryt òg av Arne Mæland frå Os kulturutvikling, mannen bak symposiet.

- Han har vore heilt fantastisk og har teke godt vare på oss.

Frå tre til stein

Aktiviteten er framleis stor i Vognhallen, og blant kursdeltakarane på symposiet er Gunnar Nilsen, opprinneleg frå Steinkjær, no busett i Austrheim.

Ut av steinen han arbeider med kan ein tydeleg sjå eit ansikt ta form.

- Dette er ferien min, seier Nilsen og smiler.

Nilsen, som tidlegare har drive med treskjæring, kom over annonsen om kurset på facebook.

- Kona mi er kusina til Åsmund Lien frå Os, det var sånn eg fann ut om kurset.

- Det har vore veldig kjekt og eg kjem nok til å halda fram med å jobba med stein.

Auksjon på laurdag

Ifølgje planen så skulle trekninga vore halden søndag 7. juli, men sidan fleire av kunstnarane reiser tidleg søndag morgon har arrangøren valt å flytta auksjonen til laurdag 6. juli.

Søndag opna òg ei sommarutstilling i Oseana, der kunstnarane stiller ut og sel mindre skulpturar.

Utstillinga vil stå gjennom heile sommaren.