Carport mista taket
I Hesteløypa ligg det tett med velta tre, i Oselvo flyt det lause materialar og i Hagavik rauk taket av ein carport.
Bildeserie:
Etter store nedbørsmengder torsdag kom ekstremvêrvarsel før uvêret «Aina» sin ankomst natt til fredag.
Fredag morgon kunne Os brann- og redningsteneste fortelja om ei natt utan oppdrag. Nokre timar med kansellerte ferjeovergangar, tre over vegen i Langedalen og stengd Ole Bulls veg var i første omgang einaste synlege spor etter uvêret.
Men det har dukka opp fleire:
• I Hesteløypa i Osmarka ligg det minst fire tre over vegen.
• I Hagavik har vinden tatt med seg store delar av taket på ein carport.
• Drivved sto tidlegare i dag fast i ein trebåt nedst i Oselvo. Ifølgje ein laksefiskar er gangbruene i Oselvo likevel intakt, men enkelte landgangar og liknande er tatt av den høge versjonen av Oselvo. Det kan vera restar av desse som no ståår fast i ein båt.
– Vi fekk akkurat melding om dette, og køyrer ned for å sjå om vi klarer å hindra materialane å flyta ut på fjorden, seier brannsjef Stein Gjøsund.
• I ein marina i Askvik skal landgangen vera skvist mellom bryggeanlegg og land. Ein båt skal også ha fått deg ei rift og tatt inn noko vatn, utan å vera nær forlis, ifølgje Midtsiden-tipsar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.