Lokal | 27. aug. 2015

Consto byggjer Luranetunet

Consto Bergen AS får totalentreprisen på bygginga av nye Luranetunet. – Dei var billigast og låg i toppen på dei to andre vurderingkriteria, seier Tor Inge Døsen.

Consto byggjer Luranetunet
Consto Bergen AS har fått oppdraget med å bygga den nye delen på Luranetunet (ill: Os kommune)
Andris Hamretorsdag 27. aug. 2015 07:07

Sju entreprenørar leverte innan fristen 3. juli tilbod på å bygga tropehagen og den nye delen på Luranetunet. No har kommunen avgjort at Consto Bergen AS skal tildelast totalentreprisen.

– Alle sju entreprenørane blei først vurdert på nokre grunnleggande krav som dei alle oppfylte. Deretter hadde vi tre kriteriar å skilja dei på.

– Pris telte 70%. Gjennomføringsplan, korleis dei har tenkt å utføra jobben, kommunisera med byggherre, ta omsyn til HMS både for eigne arbeidarar og ikkje minst dei som bur i den eksisterande delen av Luranetunet og liknande. Gjennomføringsplanen som på mange måtar er ein stil på 10-20 sider tel 20%, før framdriftsplanen tel 10%, forklarar prosjektleiar Tor Inge Døsen i Os kommune.

Store i nord

Dei sju entreprenørane som leverte tilbod var Consto Bergen AS, Leigland Bygg AS, Stoltz Entreprenør AS, Betonmast Bergen AS, Skanska Norge AS, Hent AS og Constructa Entreprenør AS.

– Consto Bergen AS leverte ein pris på 170,35 millionar kroner eksklusiv mva og var billigast. I tillegg låg dei blant dei to beste i dei to andre kriteria.

– Selskapet er eit relativt nytt selskap i Bergensområdet og er eit dotterselskap av Consto AS i Tromsø. Dei igjen er ein del av Nord Norges store søn på entreprenørsida, Barlindhaug, fortel Døsen.

Barlindhaug-konsernet omsatte i 2014 for 2,4 milliardar kroner og leverte eit resultat før skatt på 125,5 millioner.

– Det er dyktige folk vi får med å gjera. Dei har rekruttert ein god del folk frå Skanska-systemet. Vi har no hatt det første innleiiande kontraktsmøtet med dei og skal ha eitt til i løpet av kort tid før vi set signaturen på kontrakten. Det er berre småting som står att med nokre presiseringar og liknande.

Eit prestisjeprosjekt

Døsen snakkar seg varm når han fortel kva entreprenøren no skal i gang med å bygga på Luranetunet.

– Det blir 60 rom over tre etasjer, pluss 37 nye bustader for demente. Alle på 28 kvadratmeter. I tillegg blir inngangspartiet utvida slik at vi får ei større og meir imøtekommande kantine, nytt kantinekjøken, kontorer og andre fellesfasiliteter. Det kjem òg eit nytt dagsenter for demente litt adskilt frå bustadene.

– Det store nye, er sjølvsagt den nye tropehagen i atriumet på 1200 kvadratmeter kor vi legg eit glasstak ni meter over bakkenivå. Totalt vil eg tru det rommar rundt 10 000 kubikkmeter. Vi har bestilt middelhavstemperatur i tropehagen med 12-13 grader om vinteren og kjøling om sommaren. Der skal bebuarane, tilsette, pårørande og andre om vitjar Luranetunet få bruke sansane sine gjennom lyder, lukter, planter, syn og på alle andre måter. Dei skal rett og slett få ei positiv oppleving.

– Det er eit prestisjeprosjekt, ikkje berre for politikarane, men òg for alle andre som er involvert. Det har aldri vore bygd tilsvarande i Noreg, avsluttar Tor Inge Døsen.

I tillegg til tropehagen skal det òg byggast sansehage på utsida av sjølve bygget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.