F.v.: Eric Tryland, Norvald Kobbeltvedt, Glenn E. Haugland, Anne Goro Tronsmo Haugland, Geir Brekke, Ragnhild Haugland, Fredrik Saroea, Jone F. Kuven, Grete-Johanne Knudsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Datarock-Saroea med foredrag på Haugland

Komponist-elevane ved Session Studio E39 fekk ei fargerik avslutting på semesteret.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mars i fjor fortalte komponist Glenn Erik Haugland frå Opera Omnina om sitt nye praktiske kurstilbod i Studio E39. Ideen og måten han og kona Heidi Tronsmo bruker uthuset på det nedlagte gardsbruket til ein arnestad for kreativitet genererte i september til saman 150.000 kroner i støtte frå Hordaland fylkeskommune og Norsk Kulturråd.

Over sju samlingar, fleire av dei med gjesteforelesarar, har kursdeltakarane lært om ulike sjangrar og trinn innan det å komponera. Mellom kvar samling har dei komponert nytt materiale for framføring til neste session.

Laurdag var siste session, med pop og rock som tema og med Fredrik Saroea som dagens gjestelærar.

– Interessant innblikk

Fredrik, kjent frå Datarock og som leiar for eit av laga i Det store korslaget på TV2 i 2012, stilte utan både powerpoint og manus.

– Eg har sjølv vore på konferansar og foredrag der det sit heile panel og snakkar over hovudet på studentane. Glenn Erik inviterte meg og ba meg snakka om korleis eg lager musikk. Han sa «come as you are» og eg tok han på ordet.

– Det har vore ein interessant dag til no, veldig kjekt å få innblikk i Fredrik sitt kreative liv, seier Jone Finne Kuven, ein av deltakarane frå Os.

Saknar Søfteland

Datarock har spelt i Os fire gongar, alle i samband med festivalen Søfteland Rock N LOL; på kveldstid i 2010, på dagtid og kveldstid i 2012 og på avskjedsfest for festivalen i Oseana i 2013.

– Konsertane på Rock N LOL er dei beste eg har spelt, det var noko heilt magisk med den festivalen, seier Fredrik til Midtsiden i pausen laurdag.

Startar med eit riff

Mens Midtsiden sat som floge på veggen fortalte Fredrik om alt frå ein interessant historie om copyright på «mama-say mama-sah ma-ma-coo-sah» i Michael Jackson-låta Wanna Be Startin' Somethin' til korleis han sjølv startar når Datarock skal laga ny musikk.

– Startar du med teksten eller musikken, spurde Norvald Kobbeltvedt, også han deltakar frå Os.

– Vi tar alltid teksten heilt til slutt. Som oftast startar det med eit riff. Eg sit og klunkar på gitaren og brått så har eg noko. Av og til er det veldig enkelt, det er sånn at eg synest det er pinleg når eg sender det vidare til dei andre i bandet. Så legg dei på sine intstrument og så blir det ein låt. «Fa-fa-fa» kan du spela med éin finger, sa Fredrik og viste.

Det blei ein munter dag, også då han fortalte om musikalen og om møter om å laga film om denne, om korleis han gjekk heim og gløymde den viktigaste av to oppgåver han fekk av filmfolka, om korleis det var å bli involvert i musikalen, «klunke, senda noko som var pinleg å senda til Oslo, få 85 på scenen og få verket framført».

Eit opplegg for fleire byar

Datarock jobbar no med nytt materiale. Dei er back to basic. Samtidig har Saroea kontakt med ein som selte 350.000 billettar til musikalen sin i Paris.

– Viss du kan laga alt mogleg så kvifor ikkje laga noko for andre? sa Fredrik til kursdeltakarane, med seg sjølv som skrekkeksempel på ein som til no har framført alt sjølv.

Glenn Erik kjenner ikkje Fredrik personleg før før, men seier han alltid har hatt sans for han og at han sjølv sat i juryen som tildelte musikalen økonomisk støtte.

– Kva med Session Studio E39, blir det fleire semester?

– Ja, ikkje berre i Os, men i Trondheim, Stavanger og Oslo. Norsk Komponistforening, som fyller 100 år i 2017, har fått augene opp for ideen frå Haugland.

– Vi kjem til å driva vidare her i Studio E39 mens foreininga tar det vidare i andre byar, fortel Glenn Erik Haugland.