Kultur | 13. juni 2016

Denne fekk ikkje plass på Sotra

... men snart kjem berg-og-dalbanen, med resten av tivoliet, til Os.

Denne fekk ikkje plass på Sotra
Andersen har med fleire nye ting, som baby-fly og denne nye berg-og-dal-banen, til Os neste veke.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. juni 2016 11:55

Etter nokre år med tivoli i mai og juli var det i fjor tivoli under marknadsdagane i Os siste helga i juni.

– Det var stor suksess med langt betre besøk enn tidlegare år, seier Roy Andersen frå Skandinavisk Tivolipark.

Sjå bildeserie frå tivoliet i Os i fjor sommar.

Andersen er no på tivoliturné på Vestlandet.

– Førre helg var vi på Askøy, no held vi på å rigga oss opp ved Sartor Senter, der vi opnar torsdag.

Til Os i neste veke

Torsdag neste veke opnar marknadsdagane i Os, same dag er tivoliet på plass på grusbanen mellom Os kyrkje og Os ungdomsskule.

– Det er veldig hjelpsame og hyggelege folk i Os, frå lensmann og rektor til leiar for sentrumsforeninga.

– Vi gler oss til å koma tilbake og har i år med oss ein ny berg-og-dalbane. Bergbanen var for lang til plassen vi har fått på Sartor, så den fraktar vi direkte til Os på ein 22,5 meter lang trailer, fortel Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.