Lokal | 28. apr. 2017

Desse vegane får asfalt

Kommunen skal legga 4 484 meter asfalt i sommar. Sjå oversikta over kven som får "ny" veg her.

Desse vegane får asfalt
Nær 4,5 km kommunal veg skal få ny asfalt i sommar (ill.foto: KVB)
Andris Hamrefredag 28. apr. 2017 07:09

I tenesteutvalet onsdag fortalde teknisk sjef Marianne Kramer at kommunen vil nytta omlag 3 millionar av dei statlege sysselsettingsmidla til asfaltering av kommunale vegar.

– I Nedre Varåsen skal vi mellom anna reetablera fortauet, fortalde Kramer.

Men Nedre Varåsen er ikkje den einaste kommunale vegen som får ny asfalt i løpet av sommaren.

Her er oversikta med kor lang strekke som får ny asfalt.

  • Nedre Varåsen - 266 meter
  • Banktjørnhaugen - 405 meter
  • Prestegardsskogen - 63 meter fordelt på to strekk
  • Svegane - 377 meter
  • Lerkevegen - 779 meter fordelt på to strekk
  • Gåssandvegen - 1 152 meter fordelt på to strekk
  • Eidsbrekko nær toppen - 95 meter
  • Klokkargarden - 160 meter
  • Eikevegen - 88 meter
  • Håvardsvegen - 30 meter
  • Torsvikvegen - 30 meter
  • Gamlevegen - 110 meter
  • Liavegen - 269 meter
  • Vestre Lurane - 30 meter
  • Industrivegen + delar av gang og sykkelveg - 317 meter
  • Vågadalen - 200 meter
  • Halhjemsmarka - 379 meter

Endringar kan forekomma.

Fiksar fartshumpar

I tillegg til nytt dekke på strekningane nevnt over, skal òg fartshumpane i Gymnasvegen og Skeismyra utbetrast og reetablerast. Ein vil også legge asfalt ved Vognhallen i samband med bygginga av det vesle kulturhuset der.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.