Lokal | 12. feb. 2017

Godt i gang med nybygg i Vognhallen

Det vesle kulturhuset i Vognhallen tar form.

Godt i gang med nybygg i Vognhallen
Leif Ragnar Tveit og Arne Mæland i Vognhallen laurdag, berre timar etter at Mæland kom tilbake frå ein lang ferie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. feb. 2017 08:52

Bildeserie:

I sørenden av den 70 meter lange Vognhallen kjem no eit isolert bygg. (Foto: KVB)
I sørenden av den 70 meter lange Vognhallen kjem no eit isolert bygg. (Foto: KVB)
Her kjem dører og vindauge ut mot vegen og hamna. (Foto: KVB)
Her kjem dører og vindauge ut mot vegen og hamna. (Foto: KVB)
Heile veggen inn mot hallen blir i glas, med stor foldedør. (Foto: KVB)
Heile veggen inn mot hallen blir i glas, med stor foldedør. (Foto: KVB)
Bygget får toalett, bod og kjøkkenkrok. (Foto: KVB)
Bygget får toalett, bod og kjøkkenkrok. (Foto: KVB)
... og nydeleg utstikt. (Foto: KVB)
... og nydeleg utstikt. (Foto: KVB)
Det blir passasje under tak på utsida av bygget. (Foto: KVB)
Det blir passasje under tak på utsida av bygget. (Foto: KVB)
Baksida ser ut som før. (Foto: KVB)
Baksida ser ut som før. (Foto: KVB)
Å bygga nytt på skrå, under noko gamalt, har vore krevjande. (Foto: KVB)
Å bygga nytt på skrå, under noko gamalt, har vore krevjande. (Foto: KVB)
– Eg er imponert over byggmeisteren, seier Tveit. (Foto: KVB)
– Eg er imponert over byggmeisteren, seier Tveit. (Foto: KVB)
1 av 9

I oktober fekk Os Kulturutvikling garanti av Os kommune til Vognhallen-prosjektet, i januar var det byggestart.

– No kriblar det etter å hjelpa til, seier den nevenyttige kunstnaren Arne Mæland.

Laurdag kom Mæland heim frå ein 3,5 veker lang ferie, ivrig etter å bidra i dugnadsprosjektet. I mellomtida har det skjedd mykje med nybygget.

– Leif Ragnar (Tveit) har gjort ein formidabel jobb. Han kan gå rett i byggebransjen når han pensjonerer seg som rekneskapsførar, foreslår Mæland om framtida til kulturkollegaen.

– Han kan i alle fall gløyma å slappa av sjølv om eg er komen heim. Leif Ragnar har ikkje berre stått på når det har vore dugnad, han har vore i Vognhallen kvar dag for å koordinera med fagfolka vi har i sving.

155 kvadratmeter med varme, straum og vatn

Vognhallen, som var ein hall for togvogner då Nesttun-Osbanen var i drift (1894-1935), er 70 meter lang og nesten 10 meter brei.

I sørenden blir ein knapp fjerdedel no bygd inn.

– Bygget blir 155 kvadratmeter. Det blir isolert, med varme i golvet, og får toalett og bod, men skal elles vera eit stort, ope rom for allbruk, med kjøkkenkrok i eine enden, fortel Leif Ragnar.

– Bygget blir trekt noko inn sånn at det er passasje under tak ut mot hamna.

Opnar for fleire typar bruk

I det nye huset kan kunstnarar ha atelier, men det er òg opna for fleire andre formar for bruk.

Bygget får fleire store vindauge ut mot vegen, hamna og fjorden - og den store veggen inn mot resten av Vognhallen er i glas, med seks meter foldedør ut mot resten av hallen.

– Dette opnar for meir bruk av heile Vognhallen, seier Mæland.

– Ved større arrangement, som konsertar, skulptursymposium eller matfestival, kan hallen og det varme huset brukast samtidig - for eksempel med scene i motsett ende og bar innandørs.

Nystøypt golv og komplisert tak

Før jul var det planlegging og undersøkingar etter vatn og avlaup.

– Det blei noko komplisert, i og med at det går avlaup med trykk frå stasjonen ved Esso. Men vi har funne ei løsying som fungerer fram til OHARA er ferdig, fortel Tveit.

Då alt var klart med røyr inn og ut av bygget var det tid for ringmur og det å løfta golvet med over 40 tonn grus, isopor og 8 cm betong.

– Straumforsyninga er styrka og vi får vannbåren varme i golvet. Taket på hallen, som vi fiksa då vi overtok Vognhallen tidleg på 2000-talet, blei noko komplisert å bygga inn.

Ny struktur under over 100 år gamle bjelkar, når alt er på skrå, er likevel løyst.

– Her skal byggmeister Ole Ronny Svendsen ha ros, det er ei vanskeleg oppgåve vi har gjeve han, seier Leif Ragnar.

Skulptursymposium til sommaren

I år er det skulptursymposium igjen, og bygget skal stå klart før start 25. juni.

Filosofien er som før, osingane skal kunna få personlege relasjonar til kunstnarane som kjem til Os, samtidig som nye skal få koma.

– Derfor er det cirka halvt om halvt med nye skulptørar og skulptørar som har vore her før, fortel Mæland.

Årets skulpturar er:
ANDREA BERNI
BOUTROS ROMHEIN
CORRADO MARCHESE
FRANCESCO CREMONI
IRENE GIANNACHINI
ISAO SUGIYAMA
KARIN VAN OMMEREN
MARTON VARO
PETRE VIRGILLU MOGOSANO

Som tidlegare år blir skulpturane selt på førehand med trekning blant kjøparane om kven som får kva.

– Dei fleste er allereie selt, vi har berre tre igjen.

Verdas viktigaste miljø søker seg i Os

Nybygget i Vognhallen skal brukast under Skulptursymposiet, men òg elles i året.

– Akademiet i Carrara kjenner til kva vi bygger her, og har allereie sagt at dei ønskjer å senda studentar opp i nybygget for å jobba. Det er ganske stort, seier Mæland.

Carraramarmor har vore kjent sidan romertida, og brukt i bygginga av både Pantheon og Trajansøylen i Roma. Mange renessanseskulpturar, som Michelangelos «David», er også laget i carraramarmor.

– Carrara har det viktigaste skulptursymposiumet i verda, seier Arne, som sjølv har besøkt den italienske byen med jamne mellomrom, ikkje minst i forkant av bestilling av stein til symposiuma i Os.

Les meir om historia til symposiumet på Os på sculpture.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.