Debutshowet til Christoffer Schjelderup heiter «Tro, hat og ærlighet». (Foto: Vegard Fimland)

– Det er mykje som irriterer meg

Veteran Christoffer Schjelderup har endeleg sett opp eige show. Før premieren testar han showet på Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

«Han trefte med alt, anten han snakka om Maya-indianarar, måleeiningar eller heldt minikurs i japansk. Neste gong Schjelderup skal til Os er det berre til å sikra seg billett. Eller ta turen og sjå juleshowet i Bergen, konferansieren åleine er verdt det!» skreiv Midtsiden under tittelen «Schjeldant god» etter at han sto på Catten i Os i oktober 2012.

40 år gamle Christoffer Schjelderup frå Fana starta Stand Up Bergen. Han har vore komikar i 20 år, men set ført no opp sitt eige heilaftans soloshow.

– Det krev erfaring å bli god nok og det tar tid å skriva god nok tekst. No er miljøet i Stand Up Bergen så stort og bra at eg fekk tid, så eg har fått jobba med tekst til dette showet dei siste to åra, seier Schjelderup til Midtsiden.

Showet «Tro, hat og ærlighet» er sett opp ni gongar på Rick’s. Laurdag 13. januar testar han showet på Catten Nightclub i Os, torsdag 18. januar er det premiere i Bergen.

– Eg gler meg veldig til å stå på Catten igjen! Det er best å ha prøveframsyning for ekte publikum, og både lokalet og Os-publikummet er veldig godt!

– Os blir ein av to-tre stadar eg testar showet. Førstkomande helg skal eg til Sogndal, det spørs om dei tar bergensreferansane mine like godt.

Dei irriterande småtinga

Schjelderup er spesielt god på å vera sint, på å skildra ting han irriterar seg over i kvardagen.

– Eg prøver i grunnen berre å vera meg sjølv, og å få folk til å le av dei same tinga som meg.

– Vi er jo mange som er priviligerte, som ikkje har ekte problem, men som har desse bagatellane å hissa oss opp over.

At amerikanarane bruker fahrenheit som måleeining for temperatur, så Christoffer aldri veit kor varmt det er når temperaturen blir nemnt i ein film, og folk som, når dei kjem fram til kassen, ikkje veit om dei skal ha pose eller ikkje, er blant det som kan få Christoffer i fyr og flamme.

Sjå berre her:

I showet «Tro, hat og ærlighet» er det nytt materiale, men vi spår at du vil kjenna igjen stilen.

– Med denne tittelen, er du også innom religion?

– Ja. Eg synest alle skal få. Dei som trur på vitskap og dei som trur på religion, seier Schjelderup to veker før premiera.