Øving på Museet Lysøen 25. april 2018. (Foto: Ørjan Håland, Midtsiden/Varde)

Dette lærde dei av «skrekkscenarioet» på Lysøen

26 elevar på omvising. Umisteleg villa og kunst står i fare. Kva sit politi, brannvesen, sivilforsvar og KODE igjen med etter storøvinga?

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I går var 100 personar frå politiet, brannvesenet, sivilforsvaret og KODE var involvert i storøving på Lysøen onsdag 25. april.

• Les òg: Onsdag blir det storutrykking til Lysøen

26 elevar frå 5. trinn ved Lysekloster barneskule var markørar, som gjestar på øya og Museet Lysøen, då øvingsscenarioet starta; simulert brann to ulike stadar på øya.

– Evalueringa skal vi ha på onsdag, men vi avslutta øvinga med eit førsteinntrykksmøte, og vi har alle fått nytt øving, og vi har alle gjort oss opp nokre meiningar om kva som kan bli betre, seier Eivind Hovden, øvingsleiar frå Hordaland sivilforsvarsdistrikt.

BRANNVESENET: Tid er avgjerande moment

Både Os brannvesen og Fana brannstasjon deltok i øvinga. Det skulle òg brannbåten «Sjøbrann», men denne blei opptatt med beredskap i Bergen og blei erstatta av ambulansebåten «Rygervakt».

Einingsleiar for brann var brannsjef i Os, Stein Gjøsund.

– Først vil eg seia at eg er glad for initiativet frå KODE. Vi har aldri hatt ei så omfattande og god øving før, seier Gjøsund.

– Normalt ved ei slik hending ville vi slått full alarm og stilt med meir enn det vaktlaget vi hadde i går. Dette gav likevel god og realistisk øving, der spesielt to moment var viktige, tid frå utrykking til vi var i posisjon til å starta sløkking på øya, og kommando, kontroll og leiing av operasjonen.

– Det tar tid å frakta utstyr og å koma i posisjon på ei øy, men vi fekk nyttig og god øving, blant anna på bruk av KODE sin nye båt. Denne har vi brukt før, også andre stadar enn i Lysefjorden, men ikkje så grundig testing spesifikt mot Lysøen som i går.

Frå før har Os brannvesen både hatt opplæring av tilsette ved Museet Lysøen og kome med råd til tiltak.

– Blant anna har det blitt utført hogst av vegetasjon rundt villaen, for å redusera faren for spreiing av ein eventuell skogbrann. Det har òg vore gjort ein del godt arbeid på øya opp gjennom åra, med utsprenging av eit vassbasseng og montering av sprinkelanlegg både på innsida og utsida av villaen. Dei har òg ei pumpe i sjøen til å henta vatn. Rundt villaen ligg det ein ringleidning som kan vera med på å bremsa ein brann som nærmar seg villaen.

KODE: God evakuering - men vil ha meir utstyr 

Roald Eliassen er sjef for tryggleik, drift og produksjon hos KODE. Det var Eliassen som tok initiativ til storøvinga.

– Eit av momenta eg var mest spent på før øving var kor lang tid det ville ta å få innsatsstyrkar og utstyr ut på øya. Dette tok lengre tid enn eg hadde trudd og håpa på, men det har si naturlege forklaring, i og med at museet er på ei øy. Men eit viktig tillegg er at dersom dette var ei reell hending så ville det kome større ressursar i sving, blant anna helikopter. Eg vil òg tru at Forsvaret ville kome på banen med båtar.

Eit anna spenningsmoment for KODE var korleis transport av KODE sine tilsette ut til øya, og evakuering av kunst og gjenstandar, ville gå.

– Vi forvaltar umistelege kulturelle verdiar, så dette er viktig for oss.

– Sjølve evakueringa av gjenstandar gjekk veldig fint. Vi opplevde at vi hadde organisert og førebudd oss godt. Men også i dette tilfellet ser vi ting vi kan gjera betre, og vi vil ha meir utstyr plassert på øya for å effektivisera ei eventuell evakuering.

Eliassen seier han òg har fått gode tilbakemeldingar på museet sine tilsette.

– Det har vore godt for oss å øva på eit sånt skrekkscenario og å prøva ut rutinane våre i praksis i stor skala. Vi har òg hatt stort læringsutbyte av å få trena på samhandling med nødetatene – og det trur eg dei andre òg har opplevd.

POLITIET: Kva om foreldre blanda seg inn?

Politiet stilte med innsatsleiar, fagleg leiar, observatørar, politibåten «Kjølen» og to patruljar, kvar av dei med tre tenestepersonar, frå Os lensmannskontor.

– Det var nyttig å øva på samhandling, ikkje minst med KODE og Sivilforsvaret, blant anna det å bli kjent med kvarandre sin terminologi, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Eit av politiet sine hovudfokusområde er evakueringa av folk. I dette tilfellet; 26 elevar.

– Det handlar om å få oversikt over kor mange som er på øya og kven dei er. I slike situasjonar ville vi òg ha tatt bilde av alle som er evakuert, det er ein enkel og effektiv måte for seinare identifisering om pårørande kjem og spør om vi for eksempel har sett «ei jente med ein raud jakke».

Pårørande kan vera ein ressurs i slike samanhenger, men dei kan òg vera det motsette.

– I ein reell situasjon, med 26 elevar, der fleire kanskje har mobiltelefon med seg, kunne det fort blitt sånn at foreldre som har båt ville køyrd ut og starta evakuering frå ulike nes og strender på øya. Det kunne vore til hjelp, men det kunne òg vore med på å gjera politiet sin jobb vanskelegare, om vi ikkje visste om dette. Her hadde «Kjølen» eit sikringsoppdrag, dei skulle ha kontroll med trafikk til og frå øya.

Samla sett har Fimreite eit godt inntrykk av resultatet:

– Folk og kunst blei evakuert, vi kommusierte godt på tvers av etatane og brannane blei sløkt.

SIVILFORSVARET: Kan føra til justering av kai

Eivind Hovden ønskjer å takka Lysekloster barneskule, elevar og tilsette, for god hjelp i samband med øvinga.

– Dei gjorde nytte for seg og dei blei evakuerte effektivt, ikkje minst sidan «Rygervakt» kom. Ambulansebåten har større passasjerkapasitet enn brannbåten.

– Elevane fekk brus og heimelaga bollar då dei kom til land, og eg håper dei hadde ein fin og interessant skuledag.

No ser Hovden fram til evalueringsmøtet onsdag.

– Vi fekk snakka godt, men kort etter øvinga i går, men skal gå meir grundig til verks.

– Er det noko de oppdaga tydeleg kunne vera betre?

– Evakueringa av folk og kunst gjekk fint, flaskehalsen er, som venta, transport av utstyr.

– Det var ulike moment, som då vi skulle ha tyngre last, som ATV-ar og hengarar, om bord i båten til KODE. Tung last pressa baugen på båten så langt ned at den sat litt fast på botnen. Her kan det bli justeringar på kaiane for å unngå slitasje ved seinare behov for tung last, fortel Hovden.