Lokal | 28. des. 2014

– Eg blei slått fordi eg er homofil

– Valdsepisoden på Catten er meldt som hatkriminalitet, fortel mannen som blei slått bevisstlaus i Os natt til fredag.

– Eg blei slått fordi eg er homofil
Catten Nightclub. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. des. 2014 09:09

Natt til fredag skal fleire menn ha gått til angrep på ein gjest på dansegolvet på Catten. Fornærma blei slått bevisstlaus og fekk knekt nasa.

Les òg: Etterforskinga held fram

Midtsiden har fått kontakt med fornærma, som ønskjer å vera anonym, men som fortel at han hugsar lite frå det som skjedde.

– Eg sto på dansegolvet og det neste eg har minne frå er at eg var utanfor Catten og politiet snakka til meg og prøvde å få liv i meg, fortel han.

– Eg kjenner ikkje, og veit ikkje noko om, kven motparten er.

– Basert på min seksuelle legning

Han fortel vidare at saka er meldt som hatkriminalitet.

– Eg er homoseksuell og det som skjedde var basert på min seksuelle legning, seier han.

– Kvifor seier du det, om det ikkje var noko opptakt til episoden? Veit du om gjerningspersonane veit at du er homoseksuell? Var du på dansegolvet med ein annan gut?

– Nei, eg dansa med ei venninne. Men dei eg var med fortel at det blei slengt kommentarar til meg og om meg i forkant av det som skjedde.

– Rammer ei heil gruppe

Midtsiden viste i denne saka opprinneleg til paragraf 77, om korleis hatmotivert vald er skjerpande i forhold til straffeutmåling.

Denne paragrafen er framleis ikkje tredd i kraft, har vi fått opplyst.

– Eg vil ikkje framstå som eit offer, men for meg er det viktig at dette ikkje gjentar seg. Homofile sine rettar er ei sak som står meg nær, seier mannen som blei utsett for vald i Os natt til fredag.

- Det som er spesielt og bra med denne saka, er at han melder det, seier Bård Nylund, leiar i Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH), til BT.no.

Han seier 90 prosent av dei som melder ifrå til LLH ikkje har meldt det til politiet.

- Slik kriminalitet rammar ikkje berre den som direkte blir utsett for vald, den skaper også frykt i heile miljøet.

Politiet har fått få tips etter valdsepisoden, og håper framleis på meir hjelp frå publikum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.