Lokal | 11. nov. 2013

– Eg føler meg trakassert

Væpna aksjon og stengt veg: Medan ei stor politistyrke omringa eit hus i Hegglandsdalen ringte mistenkte til Midtsiden.

– Eg føler meg trakassert
Væpna politi rigga seg klar til aksjon nokre hundre meter frå bustaden til mannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. nov. 2013 23:25

Måndag i 21.50-tida rykte politistyrker frå Bergen ut for å bistå politiet etter at det kom melding om skot i Hegglandsdalen.

– Bakgrunnen for aksjonen er at vi fekk melding om at ein mann på rundt 40 år hadde skote to skot utanfor huset sitt. Det var ingen dramatikk i episoden, seier operasjonsleiar Morten Kronen til Midtsiden.

Pansra politi stilte saman med hundepatrulje, politi i sivil og minst to uniformerte bilar opp og kledde seg om før dei i 22.50-tida gjekk til aksjon mot bustaden.

Ambulanse var også på plass. Hegglandsdalsvegen var stengt medan aksjonen pågjekk.

OPPDATERT: Klokka 00:56 melder politiet at mannen har kome ut av huset og er tatt hand om av politiet. Dette skjedde utan dramatikk.

– Føler meg trakassert

Medan politiet sto rundt huset til mistenkte ringte mistenkte sjølv til underteikna, som også sto utanfor bustaden hans.

– Dette er for dumt, skal dei tabba seg ut no igjen? spør han.

Mistenkte siktar til ein episode i mars i fjor, då politiet også gjekk til væpna aksjon mot vedkomande. Han hadde då skote med ein naudbluss-pistol, men blei seinare same år dømt for to tilfelle av uaktsam omgang med våpen.

– Eg har vore i by'n på kurs i dag. Etter at eg kom heim har eg sete i sofaen og tatt meg eit par øl og spelt litt gitar.

– Eg har høyrd mange skot i Hegglandsdalen dei siste vekene, no medan det er jakt, men det har ikkje vore noko smell her i kveld.

– Og eg har ikkje våpen i huset og eg har slett ikkje avført noko skot.

Tre av dei nærmaste naboane kom forbi plassen medan Midtsiden var på staden. Heller ikkje dei hadde høyrd skot i kveld.

I forhandlingar

Mistenkte seier han ikkje vil ut av huset medan politiet er der.

– Eg har ikkje gjort noko gale og vil ikkje risikera å bli lagt i jern og kjørt til by'n.

– Dei får heller ikkje koma inn før dei har ransakingsordre, og det hadde dei visst ikkje med seg.

Politiet seier dei har kontroll på situasjonen og vil ta seg god tid med dialogen med mistenkte.

– Vi har no fått forhandlar på staden og håper å få mistenkte til å koma ut.

Mistenkte seier til Midtsiden at han er åleine i huset. Også politiet har inntrykk av at han er åleine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.