Sport | 06. mai 2016

Ei tøff fotballhelg i vente

Mens Os oldboys har starta serien med å skåra 42 mål på 2 (!) kampar har fleire av seniorlaga fått ein dårlegare start. I helga speler 4 av 8 seniorlag på heimebane.

Ei tøff fotballhelg i vente
Mens Lysekloster og Os 2 har fått det tøft i nye divisjonar gjer Søfteland og Nore Neset det kvassare i 5. divisjon. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mai 2016 13:08

Med 30-1 og 12-1 i dei to første rundane kan regjerande kretsmeistrar Os oldboys sjå seg nøgd med sesongstarten.

I seniorfotballen ser det ikkje like bra ut og motstanden til topplaga Lysekloster og Os kan bli hard denne helga.

Slo Viking ut av cupen

Lysekloster har spelt jamt, men tapt alle dei fire første kampane i ny divisjon.

Laurdag speler dei borte mot Vidar som denne veka slo Viking ut av cupen. Vidar har dessutan vunne 2 av 3 seriekampar til no.

Tar imot Gneist

A-laget til Os starta bra, både i NM-kvalik og i serien, men rauk ut for Lysekloster i NM, gjekk 3-1-tap borte for nyopprykka Vestsiden-Askøy og spelte 1-1 borte mot Tertnes i førre runde.

Laurdag (kl 14) tar Os imot Gneist til sesongens andre heimekamp i serien. Gneist har vunne 3 av 4 kampar til no.

Første siger søndag?

Også Os 2 speler heime denne helga, søndag (kl 16) tar dei imot Vadmyra.

Som ny i 4. divisjon har andrelaget til Os, som i hovudsak består av juniorar, tapt fire av fire kampar. I førre runde blei det 4-3-tap for Solid.

Vadmyra står frå før med 2 sigrar og 2 tap.

2 x god start i 5. divisjon

I 2015 rykte både Søfteland og Nore Neset opp til 5. divisjon. Begge har fått ein god start.

Søfteland har vunne 2 av 4 i avdeling 2, Nore Neset har vunne 3 av 4 i avdeling 3.

Søfteland speler heime mot Dale laurdag (kl 13). Dale har berre tatt 3 poeng på dei første 4 rundane.

Nore Neset speler borte mot Fitjar måndag. Fitjar står med 1-1-1 etter tre kampar.

Nystarta Os 3 vann 12-0

I år er det berre duka for derby i éin divisjon, Nore Neset 2 og Os 3 er i same avdeling.

Os meldte i vinter på eit tredje seniorlag.

– Det har fungert bra. På Os junior 2 og 3, og Os senior 3, kjem folk på trening når det passar. Vi er frå 25 til over 60 på trening, men vi er glade for at gutane framleis trivst med fotball, seier Tore Kleppe.

Nore Neset 2 står med 1-1-1 etter tre kampar, Os 3 starta med tap, men vann førre kamp 12-0 over svake Fana 3.

Nore Neset 2 speler heime mot Follese 2 søndag (kl 16), Os 3 speler borte mot Njardar/Tysnes (som har vunne 3 av 3) laurdag.

Det første av to lokaloppgjer blir på Nore Neset laurdag 21. mai (kl 13).

Eitt poeng til damene

Damelaget til Os, som i vinter fekk A-lagsspelar Rafael Villén Villén som trenar, har hatt litt få seniorar i stallen, men får i enkelte rundar hjelp frå dei to J17-laga til klubben.

Dei starta serien med uavgjort, gjekk så på eit større tap før dei stilte med 10 spelarar og tapte med eitt mål borte førre helg.

Laurdag speler dei borte mot Fana 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.