Kultur | 25. apr. 2012

Ein kveld for stjernene

Prisar og nominerte: Frå Annveig Myklebust Fjellstad til Shaun Bartlett, frå William Hut til KingCalling, laurdag er det filmfest-galla med prisutdeling og mange musikalske innslag.

Ein kveld for stjernene
Elisabeth Nedrelid og Stine Kobbeltvedt frå Fonos har engasjert seg i filmfestivalen og utgjer årets galla-komité. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. apr. 2012 06:44


Vi er cirka midtvegs i filmfestivalen 60 grader Nord og det nærmar seg helg, som består av ein rocka fredag og ein spennande og samansett galla med prisutdeling laurdag.

–Festivalens trufaste konferansier Jan Helge Corneliussen er opptatt med revy, men vi har funne ein veldig god erstattar i Anne Marie Aarøen Vangsnes, seier Elisabeth Nedrelid.

På gallaen blir det prisutdeling innan desse kategoriane: Beste kortfilm, beste dokumentar, beste spelefilm og kompassprisen (beste nye talent).

Sjå lista over dei nominerte nedst i artikkelen.

– Mellom slaga vil vi ha ei rekkje musikalske innslag, seier Stine Kobbeltvedt.

Sjølv er ho dirigent for koret Fonos, som er blant dei som skal på scenen laurdag.

I tillegg kjem desse:
• Shaun Bartlett
• ORBO & The Longshots
• William Hut
• King Calling
• Magne Lunde
• Annveig Myklebust Fjellstad
• Richard Myhre Gåssand

– Vi ville ha eit godt lokalt utval og var heldige og fekk med oss alt frå trommelegenda Magne Lunde til det unge talentet Richard Myhre Gåssand, frå unge singer-songwriter Annveig Myklebust Fjellstad til knallharde KingCalling.

– At vi også har fått med ORBO og William Hut - og Shaun Bartlett, som er midt i ein travel The Voice-periode, er ekstra kjekt, synes Elisabeth.

Men først; ein rocka fredag

I kveld, onsdag, står blant anna Irvine Welsh sin Ecstasy på programmet, torsdag går det mot damenes aften når HBO og Canal+ har valt å leggja noregslanseringa av den nye TV-serien Girls til Oseana. På stort lerret, i HD-kvalitet og med den beste lyden får Os-publikummet dei tre første episodane av den nye storsatsinga presentert.

– Ikkje nok med det. I tillegg har vi fått lanseringa av den andre sesongen av TV-suksessen Game of Thrones. Rundt den kjem det til å bli eit show à la det vi lagde i steinbrotet på Ulven då vi viste Trolljegeren, fortel Christoffer Kobbeltvedt frå filmfestivalen.

Fredag blir det ein rocka filmkveld i Oseana.

– På lerrettet viser vi mockumentaryen The Rocka, om ein overvektig familiefar på noko å førti som vil realisera seg sjølv som internasjonal rockestjerne.

– Bastian Borg, som står bak filmen, og som har hovudrolla, tar med seg bandet Bang Bang frå filmen. Dei kjem garantert til å setja sitt preg på meir enn festivalen, seier Kobbeltvedt.

– Kom tidleg!

Laurdagens galla startar med mingling i foajeen frå 18 til showet startar klokka 20. Framleis med raud løpar, men no med eit lokale som gler den staselege lista arrangørane tidleg la for festivalen, spesielt prisutdelinga.

– Minglinga er også viktig, så kom tidleg, seier Elisabeth og Stine medan dei nærmast kniser.

Det er tydeleg at dei gler seg.

– Og kjøp billett tidleg, for vi har mange filmskaparar og gjestar i salen, så det er ei redusert mengde billettar for sal, åtvarar dei.

HER ER PRISANE OG DEI NOMINERTE
(Fleire av dei nominerte filmskaparane er på plass i Os under festivalen og under gallaen)

Kortfilm:
Suspekt (Tyskland)
It’s natural to be afraid (UK)
Bulldog (UK)
Skyggelys

Dokumentar:
Cheer Ambassadors (Thailand)
Written in Ink (Polen)
Carbon for Water (US)
Salaam Rugby (NZ)

Spelefilm:
eMANNzipation (Tyskland)
Supporting Characters (US)
The People You Know (US)
Benny Loves Killing (UK)

Kompassprisen (beste nye talent):
Torfinn Iversen
Vegard Fjærvoll
Kjell-Gunnar H. Knudsen
Rolv Lyssand Bjørø

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.