Kultur | 01. mai 2013

– Eirik er framleis favoritt

Eirik Søfteland sine sjansar til å vinna Idol har auka, skal vi tru oddssetjarane. Fredag syng han Queen og Soundgarden.

– Eirik er framleis favoritt
Eirik song <em>My Way</em> i førre runde. Fredag skal han blant anna synga den kjente Queen-låta <em>Bohemian Rhapsody</em>. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. mai 2013 07:17

Før førre runde blei Eirik Søfteland utnemnd til soleklar favoritt til å vinna årets Idol.

Eirik gjekk vidare nok ein gong, også i denne runden utan å vera blant dei to som hadde fått færrast stemmer.

Sjølv var han ikkje heilt nøgd, men han fekk rikeleg med ros av dommarane.

Og oddssetjarane har ikkje mista trua på Søfteland.

- Han har overraska heile Noreg. Han var ikkje vår favoritt i starten, vi trudde til og med at han skulle ryka ut først, men potensialet hans var mykje større enn vi trudde - og han har blitt ein favoritt hos store delar av Idolfolket, seier Daniel Vassbund, oddssetjar hos Betsson.com.

Førre fredag var vinnaroddsen på 1,65, no er den nede i 1,55.

Favoritt også på Facebook

Tysdag førmiddag la Idol Norge ut bilde av dei tre deltakarane som er igjen med spørsmålet "Kven trur du vinn Idol 2013?"

Ei oppteljing ein time seinare viser at også på Facebook er Eirik soleklar favoritt.

204 hadde gjeve Eirik si stemme, medan Steffen Jakobsen hadde fått 90 og Siri Vølstad Jensen 76 stemmer.

Tilbake til Queen

Dei tre kjempar fredag om plass i siste runde, i superfinalen i Oslo Spektrum.

Førstkomande fredag skal dei synga to låtar kvar, og det med godt koreograferte scene-framsyningar, med dansarar og fullt trøkk.

Eirik skal synga ei låt av same band som han framførte på første audition, Queen. Og han kvir seg framleis ikkje for å velja krevjande låtar!

Denne gong skal han synga Bohemian Rhapsody.

Sjå og høyr låta på YouTube.

– Eg har fått gjort det meste som eg hadde ønskje om, eg har fått spelt piano og trommer, tatt Elton John-låt og rock. Eg har også hatt lyst til å gjera ei Queen-låt til, men trudde at Bohemian Rhapsody ikkje blei kul nok når du korta låta ned.

– Der tok eg feil, produsenten har fått med det beste av låta i dei to minuttane eg får, seier Eirik til Midtsiden.

Eirik kjem til å spela piano på fleire parti i låta.

Den andre låta han skal synga er Black Hole Sun av Soundgarden.

Sjå og høyr låta på YouTube.

– Oppgåva er å gjera ei akustisk låt og dette er ei låt eg har sete litt i øvingslokalet og spelt saman med Olav (Skorpen).

– Dessutan liker eg Soundgarden og stemma til Chris Cornell godt. Låta er enkel, men kul, synest vokalisten frå Os.

Steffen Jakobsen skal synga "Footloose" av Kenny Loggins og "Bad Things" av Jace Everett.

Siri syng "Last Name" av Carrie Underwood og "Whiskey Lullaby" av Brad Paisley og Alison Krauss.

Lager finalefest for Eirik

Vassbund trur Steffen Jacobsen ryker ut førstkomande fredag.

– Steffen har ikkje hatt same utvikling som Eirik Søfteland og Siri Vølstad Jensen, meiner han.

Om Eirik får nok stemmer også denne fredagen blir det gratis Idol-fest i Oseana fredag 10. mai med underhaldning før sendinga og i pausen.

Ryka ut-odds frå Betsson.com:
Steffen Jacobsen 1.55
Siri Vølstad Jensen 3.20
Eirik Søfteland 5.50

Vinnarodds frå Betsson.com:
Eirik Søfteland 1.50
Siri Vølstad Jensen 3.00
Steffen Jacobsen 7.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.