Lokal | 06. sep. 2011

Eit lengre perspektiv

LESARINNLEGG, Marie Lunde Bruarøy (H): Bjånes, Kyststamveg og Fylkestingval.

Eit lengre perspektiv
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. sep. 2011 08:10

>> Midtsiden samleside; les alle lesarinnlegga her.

Valdagen nærmar seg med stormskritt. Mange har allereie bestemt seg for kva parti dei skal røysta på, andre etterlyser dei ulike partia sine standpunkt i enkeltsaker før dei vil gå i stemmelokalet. Då siktar eg blant anna til OHARA-saka og Bjånes-utbyggjinga.

Når det gjeld utbyggjinga på Bjånes, er vi midt i ein høyringsrunde. Organisasjonen ”Nei til Bjånesby”, har fått innvilga utvida høyringsfrist til 23. september, og det er bra! Det er her alle gode innspel og merknader må inn for at vi skal få best mogleg grunnlag i saksutgreiinga når vi skal handsama saka.

Underteikna har sjølv vore med i styringsgruppa for Bjåneshalvøya, og alle desse temaene, og fleire til, som aksjonsgruppa tek opp, har vore mykje diskutert i gruppa.

Antall bustadar og utforminga av desse, golfbane, biologisk mangfald, skulekapasitet og eventuell ny skule ”Aust om elvo”, vegutbetring/gang- og sykkelsti, auka trafikk gjennom Os sentrum og friluftsområda. Alle som har vore med i styringsgruppa har vore svært engasjerte i saka og også har stilt kritske spørsmål til planleggjar/utbyggjar. Vi har vel til tider vore ei hovudpine for dei, men det er det som er vår rolle. Det er vår bygd det er snakk om, og det er vi som skal leggja føringane for korleis ei slik stor utbyggjing skal gå føre seg.

Det vil ikkje vera rett av oss som parti, å allereie no konkludere med kva vi vil gå inn for når vi skal handsama saka.

Vi er som sagt midt i ein prossess, og å forskuttera ei avgjerd no, vil vera i strid med ein korrekt planprossess. Vi kan først handsama saka når den ligg på bordet og alle merknader og innspel ligg ved.

Os Høgre er positive til ei utbyggjing på Bjåneshalvøya. Dette er eit flott område som skal utviklast i tråd med dei utbyggjingsplanane vi har hatt for Bjånes heilt tilbake til 80-talet.

Likevel har vi gjort oss opp nokre meiningar om kva føringar vi kan setja i rekkefølgjebestemmelsane.

Til dømes skal trafikksikring og gang- og sykkelsti langs Hatvikvegen vera på plass før utbyggjinga tek til. I høve tid på utbyggjinga, vil det vera meir realistisk og ansvarleg, å sjå planen i eit 50-års perspektiv, gjerne enno lengre. Å tru at 3-4000 nye osingar vil busetja seg på Bjånes i løpet av 25-30 år, (i tillegg til veksten elles,) er å sikta for høgt. Vi politikarar, skal sikra at veksten i Os og tenestetilbodet går hand i hand, og difor må vi sjå planen i eit lengre perspektiv.

Ferjefri kyststamveg lagt via Tysnes og Fusa, med inngang til Os ved Hatvikområdet, er noko Høgre vil jobba for i åra som kjem. Ser vi framover i eit lengre perspektiv, heng indre ferjefri kyststamveg og Bjånes godt saman.

Utbyggjing og infrastruktur går hand i hand, og det eine utløyser det andre. Det er viktig at kommunane i Bjørnefjordsregionen står samla om alternativet indre kyststamveg. På den måten vil vegen på sikt bli lagt utanom sentrum og koplast på nye E39 og Endelausmarka i Os Nord.

I den samanheng, er det viktig at du stemmer Høgre også ved fylkestingsvalet, og sørgjer for at vår kandidat, Børge Lunde, kjem inn og taler Os sin sak på fylket!

Os Høgre er positive til å gå i ein konstruktiv dialog med aksjonsgruppa ”Nei til Bjånesby” i forkant av handsaminga av saka. Det er no viktig at dei som har fått utsatt høyringsfrist, nyttar høvet med å komma med gode, konstruktive innspel som vi kan ta med oss i vidare.

Marie E. L. Bruarøy
Ordførarkandidat, Os Høgre






Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.