Handel | 07. nov. 2013

- Eit mønstereksempel

Ein gigantisk grøn mann viste veg då den 3. Kiwi butikken i Os opna på Gudridflaten.

- Eit mønstereksempel
Regionsjef Jan Olav Mjøs saman med butikksjef Tommy Lyssand i den nye Kiwibutikken på Gudriflaten. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 07. nov. 2013 12:01

- Denne butikken er eit mønstereksempel på korleis vi ønskar at ein Kiwibutikk skal sjå ut, seier regionsjef Jan Olav Mjøs.

I dag var han med og opna den nye Kiwibutikken på Gudridflaten der kundane blei møtt med kake, frukt, smoothie og roser frå den nye butikksjefen Tommy Lyssand.

Les òg: Tredje Kiwi snart klar

Effektiv handel

Kiwi held på å teste ut eit nytt layout og Kiwi Gudridflaten er utstyrt med denne.

- I tillegg til ny dekor er det ekstra god plass mellom reolane, stor parkeringsplass og så ligg han veldig sentralt til.

- Og så har vi flytta frukt og grønsaksvarene til starten av handleruta så kundane først blir presentert for dei sunne varene.

Frukt og grønt er noko Kiwi har satsa stort på dei siste åra med blant anna å kutta prisen tilsvarande momsen på frukt og grønt og nøkkelholprodukt.

- Ser vi at den nye layouten fungerer vil eldre Kiwibutikkar etterkvart få same uttrykk.

Enorm ekspansjon

Kiwi region Vest har hatt ein enorm ekspansjon i 2013 med heile 9 nye butikkar.

- Berre i dag opnar vi to butikkar, her på Os og ein på Åsane Storsenter, fortel Mjøs.

Kiwi overtok bygget på Gudridflaten for ei veke sidan og har sidan då arbeida med å få alt på plass.

- Prosessen har gått greit utan nokre forseinkingar.

Då Kiwi lyste ut stillingar til butikken mangla det ikkje på interesse.

Då Kiwi lyste ut stillingane mangla det ikkje på interesse, heile 190 søknadar fekk dei inn.

- Alle stillingane er no besett og det er stort sett heilt nye ansatte bortsett frå to som har arbeida i andre Kiwibutikkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.