Kultur | 06. mars 2012

Eit show det swingar av!

I fjor feira Os Swingklubb 20-årsjubileum. Laurdag 17. mars inviterer dei til framsyning og fest.

Eit show det swingar av!
Det blir show, fest og framsyning av fleire ulike typar dans på Nore Neset 17. mars. (Foto: Andreas Bruarøy, Os Swingklubb)
Kari M. Lyssandtirsdag 06. mars 2012 20:09

I november var det duka for medlemsfest i Oseana.

Les òg: Full swing i Oseana

No ønskjer klubben å få resten av bygda med på feiringa.

Fart og løye heile dagen

Laurdag 17. mars i Nore Neset Aktivitetshus presenterer dei Os Swingklubb gjennom 20 år, frå dei første dansane som blei dansa i klubben, til dagens ulike stilartar, meir moderne dansar og nyare musikk.

Frå klubbens første oppvisning i 1991, på eit hår- og moteshow på Solstrand Fjord hotell, har dei danseglade osingane jamleg halde framsyningar rundt i bygda.

- Men desse framsyningane har vist berre ein smakebete av kva du får oppleva i Nore Neset, kan formann i Os Swingklubb Håkon Bruarøy fortelja.

- Då blir det fart og løye heile dagen, med utrulege danseformar og mange ablegøyer.

For store og små

På dagtid vil det vera ope for både store og små, med framsyning, flott musikk og mykje dans.

For vaksne danseglade blir det på kvelden duka for heilaften med dans og moro til langt på kveld. Også då blir det show frå klubben, deretter spelar Jon Sæbø opp til dans.

Vil gje eit godt tilbod

I starten heldt swingklubben til på Madam Ane, seinare i Skyttarhuset på Ulven før dei fekk plass i Fjellheim. Klubben har fostra både krinsmeistarar, noregsmeistarar og endå til hatt dansarar med gode plasseringar i Nordisk Meisterskap og VM i både folkeswing og bugg.

- Eit av måla til Os Swingklubb er å gje eit godt og breidt tilbod til alle danseglade i Os og omegn, seier Bruarøy.

- Vi ønskjer å bidra til å auka utbreiing av dans og å skapa eit godt og positivt dansemiljø, både innanfor og utanfor klubben.

”Skal vi danse”

Os Swingklubb har i dag over 20 danseinstruktørar som held kurs i fleire ulike stilartar. Klubben held òg framsyningar, sosiale dansekveldar og deltar i konkurransar.

- Med TV showet "Skal vi danse" på TV 2 har merksemda for standard- og latindans auka. Dette er stilartar vi tilbyr kurs i, i tillegg til swing, magedans og linedans, fortel Bruarøy, som håper det er mange osingar som vil vera med på feiringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.