Kultur | 27. mars 2015

– Eit show som i London eller Paris

Os Sentrumsforening gjentar sukessen frå i haust med moteshow i Oseana. – Mote er internasjonalt og Os er «up to date», seier Lena Stigen Mathisen.

– Eit show som i London eller Paris
Janne Mari Hjelle frå Oseana, Laila Moberg og Lena Stigen Mathisen frå Os sentrumsforening gler seg til moteshow 15. april (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. mars 2015 10:45

I oktober flytta Os Sentrumsforening sitt faste moteshow frå Kløvertun til Oseana og gav det ei ny innpakning og ramme.

– Det blei ein kjempesukess og var utruleg gøy å vera med på.

– No er det klart for nytt show 15. april og det kjem til å bli minst like spektakulært, seier Laila Moberg.

Tar storbymoten til Os

Sist sto Moberg bak ei samanhengande historie som knytta butikkane og motane som blei vist saman. Denne gongen har sentrumsforeninga vald ei ny tilnærming.

– No blir det «fashion week» på høgde med det ein ser frå London eller Paris.

– Vekke er amfiet, i staden blir det ein 12 meter lang catwalk.

– Berit på Oseana har sagt ho vil lys-setja den som dei gjer i dei store moteshowa, så dette kjem til å bli fantastisk, stråler Moberg.

Alle er VIP-ar

Med ny scene og rigging av Oseanasalen er antalet billetter tilgjengeleg noko redusert.

– Vi har 250 VIP-plassar.

– I tillegg til å få med seg det siste frå moteverda, blir det som sist gavedryss og goodiebags.

– På toppen av det heile inviterar Oseana til både fem-rettars showmeny av høg klasse og sjampanje-vorspiel med kanapéar, jordbær og sjokoladefontene, så her kan damene verkeleg gje seg sjølv ei ekstra VIP-behandling.

– Om det er nokon som allereie har kjøpt billett til moteshowet og ønskjer å oppgradera til middag eller sjampanje-vorspiel er det berre å kontakta Oseana, forklarar Moberg.

Meir enn hår

Vårens arrangement har fått tittelen «Hårete Moteshow».

– Dei tre flotte frisørsalongane Toppen, Lundehjørnet og Os hud og hår kjem til å stå for frisyrer, farger og modellane.

– Men det blir meir enn hår, forsikrar Lena Stigen Mathisen frå Toppen.

– Vi vil gje eit inntrykk av kva hår og klær skaper saman. Alle butikkane i sentrumsforeninga er med og bidrar.

– Mellomanna har Gullsmed Eide fått med seg smykkedesignerane frå Van Bergen, som stiller med nokre av kolleksjonen sine.

– Mote har ingen alder

Stigen Mathisen fortel at moteverda har endra seg mykje dei seinaste åra.

– Tidlegare var det jo slik at det som blei vist på fashion-show i Hollywood, London og Paris først blei tilgjengeleg eit halvt år seinare når moteblada kom ut.

– Slik er det ikkje lenger. Ta for eksempel frisyrer. Det som blir presentert som trendar og mote i Hollywood den eine dagen, kan vi gje deg i salongen dagen etter.

– Ei anna endring vi ser er at mote har ingen alder.

– Om du er 30, 50 eller 70 så speler ikkje det noko rolle lenger. Eg kan gjerne gå med det same som bestemor på 80, smiler Stigen Mathisen.

Presenterer Os-designar

Showet blir meir enn berre mote. I tillegg til å syna fram det siste i butikkane lovar dei to meir.

– Det blir underhaldning, mellomanna med Mixmaster Crew.

– I tillegg har vi gleda av å presentera den unge talentfulle designaren Viktoria Aksnes.

– Ho er heilt i starten av karriera, og ein designar vi heilt sikker kjem til å sjå meir av framover, avsluttar Laila Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.