El Fakiri såg Os i kamp
Torsdag kveld hadde Hassan sin første dag på feltet på Kuventræ. – Det ser lovande ut, synest han.
Bildeserie:
Torsdag kveld, ein månad etter at det blei offisielt at Hassan El Fakiri blir Os sin hovudtrenar dei neste tre åra, møtte den avtroppande Brann-assistenten spelarane for første gong.
– Vi fekk oss ein kort prat i garderoben før trening. Det var kjekt å møta dei, seier El Fakiri.
– Kva type kommentarar har du fått i Bergen då dei fekk veta at du skal til Os?
–Mange positive. Dei fleste i Brann blir med meg opp her, fleiper han.
Første trening etter nyttår
El Fakiri sin kontrakt startar 1. januar og han drøyer nok også til nyåret før han styrer treninga med Os for første gong.
Os-spelarane hadde første trening måndag for ei dryg veke sidan og held det gåande med 3-4 økter fram til 21. desember.
I januar skal Hassan også kjøra morgontrening med over 50 unge spelarar gjennom vinteren.
Intern treningskamp
Den komande Os-trenaren fekk også sjå 11 mot 11 i intern treningskamp over 3 x 20 minutt.
– Dei er veldig spelande og dei skårer mange mål. Det var bra fart over dette, det skal bli gøy.
Kampen enda 4-4.
Mikkelsen fekk vist seg fram
Dei fleste frå årets A-lag, bortsett frå Stian Lunde, som har lagt opp, var med på kampen. Ørjan Glesnes var vekke og nysignerte Kristoffer Østevold er førebels ikkje klar etter skade, men austevollingen Marius Haugland Mikkelsen fekk spelt sin første treningskamp med (og mot) Os.
Dei tre keeperar Frode Øvredal, Kasper Færøvik og Mikal Brekke var i sving, med rullering og éin som utespelar i kvar omgang. Kasper Færøvik spelte ute i siste omgang og skåra to mål som høgrekant!
For å bli 2 x 11 mann blei det tatt med to gutespelarar.
– Torgeir Lunde og Markus Sørås Bjørnevik var verkeleg ivrig etter å visa seg fram, dei gjorde veldig god figur, meiner Ørjan Håland, som leia det eine av dei to laga.
Desse spelte (oppstilling i 1. omgang):
Frode Øvredal - Glenn Krossøy, Emilis Zilinskas, Børge Borgen, Stian Bakke - Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Emil Halvér - Adrian Valle, Øystein Takle Eide og Christer Olsen.
Kasper Færøvik - Torkel Hjertnes, Håkon Kvittingen, Knut Spangelo Haga, Markus Bjørnevik - Mats Lepsøe, Anders Kinden, Aksel Skår - Torgeir Lunde, Mikal Brekke og Sander Kvittingen.
Det er for tida fleire årstrinn i grupper på opptil 70 spelarar på uttakstrening på Kuventræ. Nokre av desse sto langs sidelinja på tampen av kampen, på veg til trening.
– A-lagsspelarane merkar nok bølgja som kjem bak. Her er det berre å stramma seg opp, for det som skjer på junior-, gut- og smågutenivå i Os saman med samarbeidsklubbane, no og framover, gjer at det kjem til å koma ein kø av talentfull ungdom som pustar heile A-laget i nakken, seier Håland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.