Lokal | 09. sep. 2014

Er det for seint?

Os Sp inviterer saman med Folkeaksjonen mot bru til miniseminar, folkemøte og paneldebatt om korleis Os skal sjå ut i framtida.

Er det for seint?
Arealplanlegging og veg - korleis skal Os formast i åra som kjem? (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. sep. 2014 09:00

Onsdag blir ein dag med arealutvikling i fokus. Med tittelen «Klar, ferdig, for seint?» inviterer Os Senterparti til både seminar, folkemøte, foredrag og debatt.

– Vi har lenge snakka om dette og då vi bestemte oss for å koma i gang, og var heldige å få Erling Okkenhaug til Os, bad han oss finna ein med-arrangør, seier Ingrid Netland frå Os Sp.

Okkenhaug er kjent frå filmen Sørlandsrefseren, som osingen Pål Winsents har regien på, og som blei vist på NRK i vår.

Os Sp inviterte Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden med som arrangør.

– Dei er ein naturleg samarbeidpartnar. Kva som skjer vidare med E39 betyr veldig mykje for framtida til Os.

Seminar og folkemøte

Okkenhaug skal onsdag formiddag på synfaring rundt i Os. Frå klokka 14 til 16 er det miniseminar, frå klokka 19 er det folkemøte.

– Begge delar er opne for alle, i Kløvertun, og vi håper på god oppslutnad frå både innbyggarar og politikarar, i opposisjon og i posisjon.

– Eg opplever at vi i Os driv mykje med eigedomsutvikling, men lite med stadsutvikling. Vi er ikkje tydeleg på korleis vi vil Os skal sjå ut i framtida, og tittelen på invitasjonen vår, Klar, ferdig, for seint, er sånn det stort sett har vore i plansaker dei siste 10 åra.

– Når vi endeleg får presentert noko så er det kome så langt i prosessen at det er for seint å påverka det.

På tampen av folkemøtet skal det vera eit debattpanel, der alle partia, med unntak av KrF som truleg ikkje får mannskap til denne kvelden, har takka ja til å stilla.

Tre mål med møtet

Netland seier det er lagt til rette for tovegskommunikasjon i form av spørsmål og kommentarar frå salen, og at målet med møtet er ei tredelt kartlegging.

1. Intensjon. Korleis vil vi at Os skal sjå ut i framtida?
2. Absoluttar. Kva betyr mest, kva er viktigast å beskytta?
3. Prosessar. Kor langt har dei kome og kva makt har Os til å påverka i tida som kjem?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.