Sport | 17. apr. 2015

Er du flink til å leita deg fram?

Laurdag har nystarta Os Orienteringsklubb offisiell opning av nytt turtilbod i Os sentrum; stolpejakt.

Er du flink til å leita deg fram?
Matias Døsen Pontoppidan ved ein av dei karakteristiske stolpane. (Foto: Os Orienteringsklubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. apr. 2015 17:30

I desember blei Os Orienteringsklubb starta, i morgon har klubben opning av eit meir urbant tilbod enn kva mange kanskje forbinder med O-løp.

– Vi held på frå klokka 11 til 13, med ulike aktivitetar frå basen på Kyrkjeflaten, og det er gratis å vera med, forte, Marie Pontoppidan.

Du har kanskje sett ein eller fleire nye oransje stolpar på Os ? Det er del av Os Orienteringsklubb sitt nyaste påfunn. Med kart er du klar til å utforska, i morgon eller når det passar deg.

– Tur-orientering er kanskje kjent for enkelte. Os Orienteringsklubb har i år sett 30 stolpar ut i Os og inviterer alle til å delta.

Lørdag klokka 11 er det offisiell opning, etter opninga blir det ulike aktivitetar for små og store, frå stolpejakt til presisjonsorientering og brikkeløp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.